25 november, 2005

Liker eg bloggar?

Etter å ha vandra litt i bloggane sin verden har eg stilt meg nokre spørsmål: Liker eg eigentleg bloggar? Blir dei brukt til noko fornuftig? Eller til noko morosamt? Svara på desse spørsmåla er nok nei. Med heiderlege unntak er bloggar stort sett berre endå ein måte å spre rykter og kringkasta antal alkoholeinheitar og ligg på. No er eg jo ikkje prinsipielt mot rykter, alkohol eller ligg, men eg synest det er litt ubehageleg å lesa om dei utan at den som har skreve det veit at eg les det. Med andre ord, eg blir ille berørt av å vita om sex-livet til s2 når han ikkje veit at eg veit. Eller om verdens nydelegaste dyr sine innvollsormar. Eg vil ikkje vita det!

Den logiske konsekvensen av dette er jo å slutta å lesa bloggar. Men då går eg jo glipp av masse informasjon som andre får, og det liker eg definitivt ikkje. Så eg prøver å fokusera på dei positive sidene ved fenomenet, og så får eg vel styra unna dei verste sladrebloggane. Og når eg flytter til det o store utland Danmark trur eg at eg vil setta pris på litt heimleg sladder.

5 Comments:

Blogger Fjeldstad said...

du elsker jo sladder!!

3:26 a.m.  
Blogger Mari said...

Det er vel derfor eg ikkje har snudd ryggen til bloggenes verden. Men det fins grenser for kor mykje sladder eg kan konsumera, og eit par blogger gir meg definitivt overdose.

3:41 p.m.  
Blogger Anna said...

he he. Jeg vet jo at den informasjonen jeg legger ut på bloggen min potensielt kan leses av hele norges befolkning, og da regner jeg virkelig med at til og med du er innom av og til. Og at s2 skryter av liggene sine på nett, gjør han jo ikke fordi han ikke vil at noen skal lese det. Blogg er en skryteside, og det skal man vel ikke legge skjul på?

2:39 p.m.  
Blogger Thorongil said...

Eg veit at du veit Mari, og det går ganske greit. Skriver jo ikkje så detaljert, får tilogmed klager på at eg seier for lite.

2:29 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg synest du seier meir enn nok, eg.

4:10 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home