29 november, 2005

Eg vil ha mat

Det er ikkje lett å få til alt som må gjerast i løpet av ein dag. Eit godt døgn bør minimum innehalda fire måltider, nokre liter vatn, 8 timars søvn og fem timar øving på fiolinen. Viss eg i tillegg får litt frisk luft, sosialt samvære, tankemat og eit par epostar frå Jokke så blir eg glad og fornøgd. Ein perfekt dag inneheld i tillegg Jokke i store doser, men sidan han bur i feil by så skjer det altfor sjeldan.

I dag har eg ete to måltider, øvd fire og sove sju timar og drukke altfor lite vatn. For lite mat og søvn gjør meg trøtt og svolten og lite effektiv, heldigvis skal eg eta middag om ti minutt på ein fantastisk kafe med dagens til 49 kroner. Maten er ikkje særleg spennande, men det smaker aldri direkte vondt. No lurer eg litt på om dette har særleg interesse for nokon. Men sidan dette er min blogg så har eg lov til å skriva akkurat så uvesentlege ting eg vil. Og for å avslutta dagens post: I dag har eg på meg svarte sokkar og kvit gensar.

3 Comments:

Blogger Thorongil said...

Oi! Kvit genser, du virkelig tar heilt av....

2:50 p.m.  
Blogger Fjeldstad said...

jeg kjeder meg, men kansje jeg skal spise så gjør jeg noe fornufftig eller så kunne jeg gjort noe av det jeg burde. men siden du ville ha mat da så kansje jeg vil ha mat nå? vanskelig?

4:11 p.m.  
Blogger Mari said...

Du burde sjølvsagt eta, Jokke. Mat er alltid bra. Og s2, eg har tatt av lenge, det er berre det at når du ser meg så er eg i Oslo for å besøka Jokke, og då anstrenger eg meg litt ekstra for å sjå presentabel ut. Men den kvite heimestrikka gensaren min er veldig god.

9:35 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home