04 desember, 2005

Eg har verdens kulaste Farmor

Eg fekk nettopp ein telefon frå Farmor. Ho er ei gamal dame på nesten nitti år, pen i tøyet og med kvitt, krøllete hår. Ho ringte for å sei at ho likte artikkelen min i den siste utgåva av Rødt!. Det er ein artikkel der eg anstrengte meg for å ikkje vera rund i kantane, eg ville vera tydeleg og kanskje litt provoserande. Men eg klarte ikkje å provosera Farmor. Her er lenka til artikkelen, kanskje nokon andre kunne tenka seg å bli pitte litt provosert? http://www.akp.no/roedt/2005/04/mari-fjeldstad.php3

5 Comments:

Blogger Guri said...

haha. eg har blogg kjemisk fri for rykter og pulings og sånn (nesten i alle fall)... ganske gøy dog (?)
er for øvrig veldig kjekt å vita fargen på sokkane dine, berre sånn i tilfelle. (og ja, dette var ein kommentar til ALLE inlegga i bloggen din)

ps: link til meg då:) pretty please

12:21 a.m.  
Blogger Mari said...

Eg skulle gjerne linka til deg, men veit ikkje korleis eg gjer det. Tenkte eg skulle finna ut av dei i jola.

7:21 a.m.  
Blogger Mari said...

Eg tenkte faktisk nettopp på at eg kanskje burde bli bekymra for deg, Katarina. Men viss du er i Nordheimsund så veit eg jo at du har det bra. Eg skal skriva eit blogginnlegg om aobakle snart.

4:03 p.m.  
Anonymous Anonym said...

provosert over artikkelen din?
Hvorfor?
Den var bra, men provosert kan eg ikke si jeg ble, men kansje den åpnet øynene mine litt :)

11:40 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg skreiv som den kommunisten og feministen eg er, og det er jo provoserande nok for dei fleste, særleg gamle damer. Det er hygglig at du synest den var bra, det var veldig rart å lesa den sjølv når den kom på trykk.

5:34 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home