08 desember, 2005

Opp og ned

Nokre dagar er gode, andre mindre gode. Dagen i dag har hatt masse bra og masse dårleg, så eg veit ikkje heilt kva kategori den kjem i. Fyrst så spelte eg på mastterclass, og det var bra. Eg skjemte meg ikkje ut, og lærte masse. Sidan ingen andre spelte fekk eg 2 timar undervisning av ein flink fiolinist, og det er ikkje noko eg får for ofte. Så sjekka eg eposten. Fyrst så las eg ein epost som gjorde meg både trist og sint. Så las eg ein epost frå ein Jørgen i Odense som leiger ut to rom i huset sitt til 2500 norske kroner, alt inkludert, og blei glad på toppen av alle dei andre følelsane mine. Så eg gjekk på biblioteket og høyrte på musikk, det er det einaste fornuftige å gjera når eg ikkje veit kor ein skal gjera av seg.

Ikkje nok med det så heldt eg eit foredrag i barokkinterpretasjon før eg sprang heim for å eta middag. Leilegheita vår var full av hyggelige folk, det var ein fin overraskelse. No skal eg snart på konsert, og det reknar eg med at blir fint. Så alt i alt er dagen i dag mest fin. 70/30, som så mykje anna.

1 Comments:

Blogger Mari said...

Fint nyttårsforsett. Det var strålande gøy i går. Men når eg tenker meg om så burde eg jo skriva eit skikkelig blogginnlegg om det, eg var jo tross alt på fylla på ein tirsdag.

2:02 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home