15 desember, 2005

Eg har fått pengar!

I dag fekk eg vita at eg får ti tusen i stipend fordi eg skal på utveksling. Så no har eg undersøkt kva ein iBook kostar, og venter berre på at pengane skal koma inn på kontoen så eg kan kjøpa meg ein. Dei hadde ikkje Pod inne dessverre, så det må eg venta med å kjøpa.

Katarina har reist heim, og min andre sambuar, Jona Are, reiser i kveld. Det blir nok litt stille i leiglegheita, men det er ikkje så mange dagane til eg reiser heim sjølv. Me hadde ein flott fest på tysdag, så eg føler eg har sagt skikkelig hade til Bergen. Kvelden starta hyggelig og roleg med lussekattar, gløgg og mange søte små RUarar på besøk. Når dei hadde gått kunne eg endeleg drikka vinflaska eg hadde kjøpt for anledninga. Helga lærte meg å smaka på vin, eg hadde visst litt talent. Men me spytta den ikkje akkurat ut. Sidan eg ikkje vil ha ein blogg om fyll og fanteri stopper eg her.

Men eg kan jo skriva ein liten forklaring på ordet aobakle. Eit kjapt søk på google viser at Sundve skule hadde eit prosjekt om dialektord i 1997. Dei seier at aobakle betyr bale. Alle burde vita kva bale betyr, men for å vera på den sikre sida så kan eg forklara at både bale og aobakle betyr noko som er tungvint eller upraktisk. Td: Det er så aobakle å henta jolapynten ned frå loftet.

Då eg valda aobakle som mitt namn på internett såg eg etter eit namn som ikkje inneheldt tall, som ikkje ville gjera meg flau om nokre år, og som folk eg vil framstå som seriøs ovanfor kunne lesa utan å få øydelagd sine illusjonar. Dessutan så ville eg ha eit namn som var så sjeldant at det alltid var ledig. Aobakel fyller desse krava. Dessverre er det litt vanskeleg for folk som ikkje kjem frå Voss å forstå at det er eit ord. Men om nokre år så reknar eg med at det blir brukt i daglegtalen over heile landet.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

aobakle: ao = av, om de slår opp i Nynorskordboka på avbakleg finn de forklarinane: 1) som ligg avsides, og 2) tungvinn, vanskeleg
Mvh
mor

12:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Nei men Mari, har du starta å drikka alkohol? :-D

11:15 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home