08 mai, 2007

Tilbake i Berlin

Då er eg tilbake i Berlin etter nokre fine, men altfor få, dagar i Oslo. Me har brukt mykje tid på bryllupsplanlegging, og no er lokale og dato klart. Me tenker framleis på kven me skal invitera, eg trur eg heller mot foreldre, besteforeldre og søsken, og venner. I tillegg til dei i familien som bur i Oslo, og eit par ekstra søskenbarn. Me må tenka og diskutera litt til, og i byrjinga av juni håpar me å vera klare til å senda ut invitasjonar. Det blir gøy, eg ser for meg at det vert ein fantastisk fest. Og så har eg kjøpt sko, til 120 kroner. Veldig billig, og skoa var fine. Då er det berre omlag tusen ting att å fiksa.

Elles så har mobilen min, som eigentleg er Tor sin gamle, takka for seg etter eit drøyt års teneste. Eg vart litt fortvila, for eg har jo ikkje råd til ny mobil, men det viste seg at Jokke hadde ein gamal nokia liggande. Så no har eg ein god, gamal mobil utan kamera eller polyfone ringetonar eller anna dill, og trur eg kan leva med det ei stund. Det kjekke er at det er mogleg å laga sine eigne ringetonar, så ved eit passande høve skal eg spela inn både Internasjonalen og Arbeiderungdommens marsj.

3 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hei Mari,
Kva med å offentleggjere datoen? I vår travle tid og alt vi har å gjøre veit du ...

6:36 p.m.  
Blogger Mari said...

Datoen er 27. oktober. Festen er, i god ml-tradisjon, ein stad på austandet, med oppmøte på Oslo S.

8:07 p.m.  
Blogger Tvillingammemamma said...

Da er den datoen satt av i kalenderen. Gleder meg!

8:14 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home