29 mars, 2007

Bygging i bakgården

Det er byggearbeid på gang i bakgården min. Eller kanskje det er ein bakhage, den har både dei typiske bakgårdstrekka, som ei lang rad med bosspann og eit overfylt sykkelstativ, og typiske hageting som kjøkkenhage, fleire tre, både store og små, plen og eit huskestativ. Men uansett kva det er, så vert det bygd der. Dei to siste dagane har ei hardtarbeidande skogdue flydd att og fram og henta byggemateriale. Den flyr frå det fine treet med alle dei lause kvistane og opp på det vesle huset, spaserer over taket og flaksar ned i grantreet og forsvinn ut av syne for meg. Og så flaksar og baksar den same vegen tilbake og hentar ein ny, liten kvist.

Eg blir sjølvsagt nyfiken når det er sånn aktivitet utafor vindauget mitt, og har søkt på nett om duer. Eg har funne ut at det er ei skogdue som underheld meg, men eg skulle så gjerne vist litt meir. Er det ho eller han som bygger reir? Eller begge to, og så er dei heilt like og jobbar på skift? Når kjem egga? Når vert dei klekte, og når kan eg sjå etter dueungane? Og bygger dua verkeleg reir i eit grantre? På grunn av eit gjerde får eg ikkje undersøkt, men eg ville valgt eit mindre stikkande tre om eg skulle bygd hus i eit.

4 Comments:

Blogger Ingerid said...

TUSEN TAKK! Blei kjempeglad og fekk nesten ein overdose tysk kitsch.

:D

PS: når kjem du heimatte?

10:43 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg har leilegheita i Berlin til 1. juni, så så då kjem eg heim. Flott at du likte boka, eg såg den i butikken og tenkte at den måtte du ha.

8:38 a.m.  
Blogger Kjetil said...

Riksmålswikipedia seier at "Skogdue (vitenskapelig navn Columba oenas) er en fugl. Den ruger i hule trær og er sjelden."

9:26 p.m.  
Blogger Anna said...

wikipedia er fantastisk dårlig når det kommer til fugler. Jeg har nettopp blitt litt bitt av fuglebasillen (eller var det influensaen?) og skal på zoologisk museum og kjøpe fuglebok neste gang stipendet kommer inn på kontoen.

2:55 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home