25 januar, 2007

Snø!

I natt kom den fyrste snøen til Berlin. Det kom ikkje så mykje, men nok til at heile bakgården min er kvit og fin. Eg håper det kjem meir, for då får eg sett dei tyske brøytebilane. I Noreg har me store, sterke brøytebilar som er dimensjonerte for snøfonner i oppoverbakker midt på fjellet. Fortau og sånt tar me vel stort sett med skikkelige traktorar. I Danmark trur eg ikkje ta eg såg nokon store brøytebilar, men eg såg stadig små minitraktorar med ein roterande kost foran som pent og pyntelig kosta vekk snøen. Så det er lurer på er om Tyskland har gått endå lengre enn Danmark, og bruker handkraft og piasavakost for å brøyta, eller om dei har dimensjonert brøytebilane sine etter kor stor byen er, og har laga dei store nok til å ta tre felt om gongen.

9 Comments:

Blogger Guri said...

Du må ta bilete om du ser ein tysk brøytebil !

11:55 a.m.  
Blogger Mari said...

Eg har ikkje kamera, viss eg hadde skulle eg tatt masse bilder av alt det tyske og posta på bloggen.

1:56 p.m.  
Blogger Ingerid said...

Då skaffar ein seg eit kamera (nedlatande tone).

4:08 p.m.  
Blogger Mari said...

Betalar du? (sarkastisk tone).

6:43 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hadde ikkje du kamera før? Hm...

9:21 a.m.  
Blogger Ingerid said...

Du får løna di i himmelen. (forkynnande autoritær tone)

12:02 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Digitalkamera er noe man passer på å ønske seg til jul :)

5:14 p.m.  
Blogger Mari said...

Guri: Eg har lånt eit spegelreflekskamera som bestefaren min hadde. Men det er altfor stort og tungt å drassa på, eg har ikkje brukt det på mange år.

Ingerid: Då trur eg at eg må venta til eg kjem til himmelen med å kjøpa.

Arild: Eg skal prøva det til neste jol. Det funka i år, eg ønskte meg iPod, og fekk to.

5:47 p.m.  
Blogger sjur sævik said...

jeg vil også ha snø:( (her er det bare ozonhull)

10:17 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home