09 januar, 2007

Joggefantomet!

Eg er eit joggefantom. Sidan eg kom tilbake til Berlin har eg jogga annakvar dag. Eg tar på meg mine svarte joggetights med knæsj grøne detaljar, mi like grøne superundertøytrøya, mi kvite joggejakka og mine kvite, men ganske skitne, joggesko og joggar i veg mot skogen. På den lekre, grøne iPoden min har eg eit nyhendeprogram frå p2, for då gjer det ikkje noko om eg ikkje høyrer alt på grunn av trafikken. Eg joggar eit lite stykke langs vegen, og så joggar eg inn i min store, fine joggeskog og er glad og nøgd med livet.

4 Comments:

Blogger Ingerid said...

Heldiggris! Eg vil og ha ein stor fin skog å jogga i! Men eg har klart å vera flink i ferien og gjort noe sinnsykt med styrketrening, og bokso mi passer faktisk på ordentlig denna gangen. Så økonomisk!!!

PS: får du virkelig opp motivasjonen av nyhendeprogram frå P2?

11:16 p.m.  
Blogger Mari said...

Nei, men eg liker å høyra på folk som prater, det er hyggelig. Og bilane, bussane og flyene bråkar så masse at eg ikkje kan høyra på musikk. Det gjer ingenting å mista litt av ein politikar sitt, i utgangspunktet sviktande, resonement, men eg nektar å ikkje få høyrt ein fin melodi skikkelig.

Grattis med styrketrening, der har eg ikkje gjort mykje i det siste.

7:48 a.m.  
Blogger Brage said...

Er det biler, busser og fly i joggeskogen din? Blir ikke litt av vitsen borte da?

5:57 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Og bare to minutter før jeg leste dette siste innlegget ditt, hadde jeg skumma gjennom en artikkel om løpende kvinner :)

8:02 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home