05 desember, 2006

Weihnachtsmarkt

Det nærmar seg jol, og det veit tyskarane å markera. Annakvart vindauge i blokkene her i Spandau er fullt av lys, i alle fargar og fasongar. Nokre blinkar, og andre er inni jolenissefigurar som liksom-klatrar opp i i altanane. Nokre hus har lysgirlander langs alle hjørnene, og langs takmønet, og rådhuset har ikkje minre enn fire joletre i tårnet. I Altstadt Spandau, som er gamlebyen i Sprandau, er det Weihnachtsmarkt, jolemarknad. Eg gjekk gjennom marknaden på veg til biblioteket i kveld, og det var veldig koseleg. Det sto tett i tett med boder som solgte pannekaker, dei obligatoriske steikte pølsene i rundstykker, honning, spanske skinker, te, krydder, brente mandlar, krystall, rav, ullprodukt, broderi, trearbeid, kinamat, og sikkert tusen andre ting. Utafor kyrkja har dei sett opp ei jolekrybbe i full størrelse, med levande sauer og eit knøttlite, men veldig hyggelig esel. Og overalt var det lys i alle fargar, granbar og jolenissar. Eg kjøpte meg ein bratwurst mit brötchen og koste meg veldig.


Jolemarknaden i Spandau i 2002, men det ser veldig likt ut i år òg.

(Hagenissen i pubvindauget har fått besøk av jolenissevennen sin, Ingerid!)

8 Comments:

Anonymous Anonym said...

Heisann. Moderen har lært meg at eg må oppdatera bloggen. Eg trudde du berre øvde og øvde
Ser du opplever den er tyske jule tradisjonen. Dei har julepynt i heile desember, ikkje berre i butikkane, men også heime. Men so er dei raske med å rydda vekk jola. Dei har ikkje jola til 6.dag. Dei vert vel lei all jolapynten. Håpar du passar på å får smaka nokon av kakespesilaitetane deira :-)
Kjekt at hagenissen ikkje er einsam lenger!

11:17 p.m.  
Anonymous Anonym said...

ÅÅÅÅÅÅH! Så fint!

Det er bilde av han i Studvest denne veka!

8:25 p.m.  
Blogger Mari said...

Berit: Eg har ikkje sett så mykje til kakespesialitetar, men eg har sett kandiserte epler som ser veldig godt ut.

Ingerid: Eg har lyst til å lesa om nissejakta vår, men lenka til artikkelen i Studvest funkar ikkje. De må fiksa.

9:32 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Så teit!

Dei kjem antageligvis ikkje til å fiksa den linken, dei har tatt juleferie heile gjengen...

Men såg du denna?

http://www.studvest.no/reportasjer.php?seksjon=side2&art_id=5588

7:40 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hemma opplegg. Gå på reportasjer:aparte så finn du den. Stort bilde av noen!

7:41 p.m.  
Blogger Mari said...

Linken På nissebesøk øverst til høgre på framsida funkar. Artig artikkel. Og fint bilete av meg og currywursten, sjølv om eg har litt rar haka. Ein gong syns eg du skal laga ein utstilling med berre bileter av meg som et!

8:39 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hei Mari,
ville bare spørre om du skal bli med på fredag klokka 7? Simon vil være der og noe andre norskstudenter også, så du er ikke alene. Og de fleste av oss er snille. ;)
København var helt greit forresten!

9:43 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg tenkte eg skulle komma i morgon, eg har lyst til å høyra om Københavnturen. Men eg blir kanskje ikkje så lenge, har mykje å gjera. Me snakkast :)

7:07 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home