27 oktober, 2006

Herr Daubitz

Herr Daubitz bur i leilegheita tvers over gangen. Han har musebrunt hår (dette veit eg fordi det ikkje er så lenge sidan eg såg ei ekte mus springa over bakgården, og ho hadde akkurat same fargen på håret). Herr Daubitz har valgt å halda håret kort nederst i nakken og på sidene, resten er ganske langt. Det lange håret grer han i ein fin snurr oppå hovudet for å skjula at han byrjar å bli skalla. Herr Daubitz er ikkje særleg glad i kle med sterke fargar. Han held seg til beige, både mørkebeige og lysebeige, brunt og grått. Han kler seg pent, med busker med press og ei lett vindjakka, og har ei veske der det ser ut som om han har god plass til papir i.

Eg veit ikkje kva Herr Daubitz jobbar med, men det er nok ein kontorjobb, for eg har aldri sett han i ute-arbeidskle. Eg veit heller ikkje kva slags mat han likar, for det kjem aldri matlukt frå leilegheita hans. Eg har aldri høyrt stemmer derifrå, eller musikk. Herr Daubitz er nok ein stillferdig mann. Av og til lurer eg på kva Herr Daubitz likar. Kanskje han har ein flott samling med frimerker? Eller kanskje han er ein kjent oversettar av engelsk litteratur? Eg er sikker på at han, som alle andre, har noko som er spesielt, som berre han kan eller veit. Viss eg hadde turt, og kunna tysk, skulle eg spurt. Men det er ganske fint å lura på òg.

4 Comments:

Blogger Fjeldstad said...

Han liker nok brødskiver. Og jeg har ikke kjøpt dagblad i dag. Sorry

2:05 a.m.  
Blogger Mari said...

Og så trur eg at han liker sauerkraut, for det gjer alle tyskarar. Eg overlever utan Dagbladet.

10:22 a.m.  
Blogger Ingerid said...

Kan du ta bilde av han????? Eller teikna han? Noe sånt. Evt kan du finna hans dyreform, berre finn eit bilete av eit dyr som liknar han og post det.

9:51 p.m.  
Blogger Mari said...

Beklagar Ingerid, men eg klarer ikkje å finna eit bilete som liknar på Herr Daubitz. Han er unik. Du får titta på han når du besøker meg.

10:13 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home