01 oktober, 2006

Mozartmoro

Mozart skreiv fem fiolinkonsertar, og den tredje av dei har eg spelt med ujamne mellomrom i snart ti år. Og no klarar eg endeleg å spela den med litt av den elegansen og lettheiten ein bør spela Mozart med. Då klokka var sju, og eg berre hadde spelt halvparten av mine seks timar om dagen, trudde eg at eg kom til å piska meg sjølv gjennom tre timar med øving. Men når det eg høyrer komma ut av fiolinen nærmar seg det eg høyrer i hovudet vert alt så mykje morosammare, og no er det nesten trist at klokka er ti og det skal vera stille i huset. Men berre nesten, for eg er ganske sliten.

I morgon skal eg på konsert med Deutsches Symphonie-Orchester Berlin og fiolinisten Maxim Venegrov, og gleder meg kjempemasse. Han skal spela Mozart sin fjerde fiolinkonsert, som eg er veldig glad i. Når eg fyrst skal ned til Berlin sentrum tenkte eg at eg kunne ta meg ein halv dag fri og gå på Guggenheimmuseet og på kafe. Eg synest eg fortener det, eg har jobba hardt og ikkje hatt ein dag fri sidan Jokke var her.

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

Jeg kjenner jeg må sette på litt Mozart ... Fløytekonserter, blir det:)

Men mens jeg er her allikevel: jeg var så frekk at jeg stjal bloggnavnet ditt til den nye e-postsignaturen min. Håper det ikke gjør noe? :)

8:55 p.m.  
Blogger Mari said...

Nei då, det gjer ingenting. Er me ikkje imot opphavsrett? Eg har tatt det frå ein sånn teip-merkelapp ein kamerat lagde til meg då han var sivilarbeidar på ungdomsskulen på Voss og hadde tilgang på alt det kule utstyret til lærarane. Hurra har eg lagt til sjølv, det er eit altfor lite brukt ord.

11:51 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Jeg vil ha t-skjorte med Revolusjonen kjem! Hurra! til 1. mai ...:)

12:56 a.m.  
Blogger Kjetil said...

Kan me ikkje føreslå for RU eller noko at dei skal produsera slike T-skjorter? Det hadde vore genialt.

2:41 p.m.  
Blogger Tor said...

Den merkelappen hang i årevis på speilet på badet, men datt av en gang jeg vaska. Det er nesten et lite savn :-)

7:40 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home