02 september, 2006

Min fyrste dag i Berlin

No har eg fytta til Berlin! Eg tok toget torsdag kveld, og etter eit dögn og tre togbytter kom eg fram til Spandau o gär kveld. Eg fann den riktige bussen pä andre forsöket, gjekk av pä riktig busstopp, og fann det riktige huset. Sä langt gjekk alt kjempebra. Men det var ingen som svarte pä dörklokka, og dä eg ringte telefonnummeret til laeraren min fekk eg beskjed om at eg mangla eit retningsnummer. Eg satte meg pä trappa og venta, og var ganske miserabel, men etter ein halvtime eller noko sänt dukka han opp, og eg fekk sjä det som skal vera leilegheita mi det neste äret.

Leilegheita ligg i fyrste etasje, har gang, kjökken, bad og eit stort sove/opphaldsrom, med store vindauger og det er skikkelig högt under taket. Eg trur eg kjem til ä lika meg der, berre eg fär kjöpt litt fargerike bileter og nye gardiner. No er det litt for kvitt og tomt.

Eg sitt pä ein internettkafe, for eg har ikkje fätt internett heima endä, sä no mä eg slutta sä eg fär overfört pengar og funne riktig buss til Ikea. Meir om Berlin kjem seinare, eg har allereie lärt mange ting om denne eksotiske byen.

3 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hei Mari,
Så bra at du har fått så stor plass i Berlin, då blir lett å ta i mot besøk.

4:54 p.m.  
Blogger Ingerid said...

Kor henne i bydn e det?

Skal ta med noe fargerikt dersom eg kjem!!!
PS: artikkelen er sendt og me ventar på svar, som på tlf var ganske positivt.

9:30 a.m.  
Blogger Mari said...

Flott, håpar dei vil ha artikkelen. Det er i Spandau, 25 min med S-bahn frå sentrum-sentrum. Men Spandau er ein liten by i seg sjølv, på størrelse med Bergen, så det er ikkje på landet, akkurat.

Eg har masse golvplass til besøk, og eg kan øva på kjøkkenet, så besøket kan til og med få sova i fred. Kom, kom!

2:34 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home