Varmt!
Det er så varmt! Eg held på å smelta vekk, og det er ingen kjølig plass i denne byen. Eg vil heim, til Espeland, der det alltid er kjølig og fint. Og viss det ikkje er kjølig, så er det berre å dyppa seg i vatnet, og så er ein kald med ein gong. Men eg har ingen badeplass i Oslo som eg veit om og som er nærme. Eigentleg burde eg spelt fiolin, men det er altfor varmt til det. Så eg ligg på sofaen og les krim og er varm. Sukk.
2 Comments:
Stakkars deg! Men har du sett at på t-banen står det oversikt over alle badeplassane som du nå ved å ta buss eller bane? Å ta bussen til Huk,eller toget til Sandfvika og så rusle ut på Kalvøya det er bra det òg. Men det blit meir å organisere enn på Espeland. Det var varmt der òg i dag, men det var berre å hoppe i vatnet og så vart det plutseleg ganske kaldt.
Du skulle vært her oppe på barokkurs. Her er tempraturen deilig og det er masse spennende undervisning! Dessuten er fjorden noen hundre meter nedenfor, så man kan bade når man føler for det.
Legg inn en kommentar
<< Home