18 juni, 2006

Soveposejakt

Då eg vart vekt tidleg på fredag morgon med beskjeden om at politiet var på veg, fekk eg pakka saman soveposen min. Men å passa på ein sovepose og å sitta i lenkegjeng går dårleg saman, så eg mista den av syne og har ikkje sett den seinare. Så i kveld tok eg ein liten titt rundt om i leiren for å sjå om eg fann den. Det tok eit halvt minutt før alle afghanarane byrja å leita. Det vart ropt eit par beskjedar på dari, og plutseleg var alle på beina og løfta på tepper og viste meg alle grønne og svarte soveposane dei fann. Men ingen av dei var mine.

Det gjer ingenting. Ein sovepose er ikkje så viktig. Men eg er veldig glad for å ha fått så mange venner som, sjølv om dei ikkje kjenner meg så godt, står parat til å løysa alle praktiske problem eg måtte ha. Sjølv dei som har sveltestreika i 23 dagar insisterte på å reisa seg og sjekka om dei kanskje låg på soveposen min. Sjølv om det ikkje er kult at dei må sveltestreika for å bli høyrt av norske myndigheite,r har det gitt meg moglegheita til å verta kjent med mange fantastiske menneske.

3 Comments:

Anonymous Anonym said...

Oooj... Så hyggelig!!

12:41 p.m.  
Anonymous Anonym said...

ps. ny blogg: storalm.wordpress.com

12:42 p.m.  
Blogger Kjetil said...

Hei Mari. Eg skulle berre seia at eg har lenka til bloggen din. For eg synest du har ein bra og koseleg blogg. Særleg tittelen er genial.

Og det var dumt at du mista soveposen din, men kjekt at folk er snille sjølv om dei er svoltne.

9:15 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home