09 juni, 2006

Kulturstafett for dei sveltestreikande afghanarane

No har eg endeleg noko å skriva om. I dag var eg bortom Domkyrkja og besøkte teltleiren til dei sveltestreikande afghanarane. Dei er no 104 menneske, dei som har streika lengst har ikkje ete på 15 dagar. Eg trur på dei når dei seier at dei fryktar for liva sine om dei må tilbake til Afghanistan. Ingen lar vera å eta i to veker berre for moro skuld. Eg leverte støtteerklæringa frå Bergen Raud Ungdom sin vårleir, og dei vart veldig glade for den. Seinare på kvelden fekk Jokke ein melding frå ein kamerat som heiter Martin, som ville visa sin støtte gjennom ein liten konsert. Det var jo ein strålande ide, og etter konserten bestemte me oss for å dra igang ein kulturstafett.

Så no blir det kulturinnslag kvar kveld klokka sju utafor Domkyrkja. I morgon kveld tar eg med fiolinen og speler noko, og så får me sjå om det er nokon som tar opp stafettpinnen. Det treng ikkje å vera mykje, eller veldig proft. Det viktigaste er å visa solidaritet og engasjement, og å bidra til å halda humøret oppe hjå dei som sveltestreiker. Afghanarane har det meste av det praktiske rundt sveltestreiken på plass, dei har fått eit par toalett og har nok tepper. Det dei treng er sitteunderlag å sitta på, no bruker dei pappøskjer, men aller mest støtte frå oss nordmenn. Så viss du har sitteunderlag, musikk, dikt, teater, song eller eit vennleg smil å bidra med, er du hjarteleg velkommen til Domkyrkja kvar kveld klokka sju så lenge streiken varer.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Flott initiativ! Og eg er stolt av at du er med Mari! Spel fint!

8:44 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home