09 mai, 2006

50 000 kroner?

I dag fekk eg eit brev. Det har hendt før at eg har fått brev som ikkje eigentleg var til meg. Dessutan så kan det vera feil i brevet, kanskje det er ein null for mykje. Og eit krav i det brevet var eit opptaksbevis frå læraren eg skal ha i Berlin. Eg har sendt ein epost og bedt han om å senda meg eit opptaksbevis, og kanskje vil han ikkje det. Ein veit aldri. Dessutan så kan dei som har sendt brevet tatt feil av meg og nokon andre, eller det kan vera snakk om monopolpengar. Men om alt går i orden, er eg den stolte mottakar av 50 000 kroner frå Johan Helmich Janson og Marcia Jansons legat.

Eg søkte berre om 22 000, og det syntest eg var veldig mykje pengar å be om. Men så har dei gitt meg meir enn det dobbelte, det er heilt villt! Og veldig deilig. No treng eg ikkje å spela på gata i sommar, eg treng ikkje å spinka og spara, og eg kan reisa på kurs i fire veker utan dårlegt samvit for at eg ikkje jobbar. Eg kan ta timar i barokkmusikk i Berlin, og eg kan ta timar i Oslo når eg er der på besøk likevel. Eg er veldig glad! Og så kan eg ta meg råd til å kjøpa ein fin kjole til bryllupet om nokre veker. Eg trudde kanskje eg måtte sy ein sjølv. No slepp eg det, og eg kan slutta å bekymra meg for økonomien min det neste året. Tusen takk, Johan Helmich og Marcia Janson!

5 Comments:

Blogger Guri said...

Gratulerar:)

12:42 p.m.  
Blogger P said...

FANTASTISK!!! og velfortjent...
gratulerer

12:13 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Når eit legat har som formål "å gi stipend til yrkesaktive kvinner og menn som i sitt daglige virke har vist positive anlegg utover det alminnelige, og som ved reiser, studier eller opphold i utlandet vil videreutvikle seg yrkesmessig, få internasjonal erfaring eller etterutdanning", er det klart at du får pengar.

4:44 p.m.  
Blogger Magnus said...

Så flott! Det er godt å sjå at desse legatpengane går til ålreite folk.

10:51 a.m.  
Blogger Mari said...

Takker og bukker for gratulasjonar. Eg har allereie skeia ut for pengane, eg har ete lunsj ute to dagar på rad, og kjøpt ei ny toalettveske.

6:27 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home