25 april, 2006

Politikk, takk

Ein kunne tru at eg ikkje dreiv med politikk for tida. Det er dessverre ikkje så langt frå sanninga, men litt skriving blir det. I går fekk eg og Kenneth ein kronikk trykt som debattinnlegg i Klassekampen. Det skal seiast at Lille frøken og Kenneth hadde skreve ein veldig god kronikk fyrst, men så ville ikkje Lille frøken ha namnet sitt på trykk, og eg fekk stå som underskivar. Mitt bidrag til teksten besto stort sett av litt språklege forbetringar. Og eit ekstra poeng, men det var det Jokke som kom på. Hovudsaka er at namnet mitt kom på trykk i Klassekampen, og no ventar me spente på svar.

Eg skal òg verta fast bidragsytar på sosialisme.no, RU si nettside. Det gleder eg meg til. Det er så ofte eg les nyhende som får meg til å tenka, men tankane forsvinn berre ut i det store intet. Men no skal eg ta meg saman og skriva samfunnsrefsande, bitande kommentarar og kanskje til og med grava fram interessante nyhende som dei store, norske nettavisene ikkje bryr seg om.

På måndag er det 1. mai, og det ser ut som om det vert min fyrste 1. mai utan at eg går i tog. Det skal vera eit arrangement her i Odense frå tolv til fem, men det står ingenting om noko toggåing. Det er kjipt, 1. mai skal innehalda tog, is og synging av Internasjonalen. I tillegg til dei politiske sakene, så klart. Men tog, is og synging har vore viktig for meg i over 20 år, politikk berre dei siste ti. Sidan eg har time med barokklæraren min klokka fire, og ikkje kjenner nokon å feira med, så det blir nok lite feiring på meg. Eg får ta det igjen til neste år, i Berlin. Då forventar eg besøk av opptøysturistar!

3 Comments:

Blogger Guri said...

Deam, du har jo teke heilt av på kodinga du!
Til neste år kjem eg og er opprørsturist :)

10:46 p.m.  
Blogger Mari said...

Så bra at du kjem neste år. Er det koding eg driv på med? Gøy er det uannsett. Å bytta tekst var veldig enkelt. Det var berre å finna staden der det står namn på fontar i templaten, og skriva inn nye namn i staden.

7:19 a.m.  
Blogger Anna said...

så synd at du ikke fikk gått i tog! Det gjorde jeg, med egen radiorakelparole og greier!

9:22 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home