03 april, 2006

Ulik

I Barockboken, under kapittelet Rytmiska förandringar, står det eit spennande avsnitt om inégalitet. Inégal er fransk for ulik eller ujamn, og er eit omgrep som skildrar den rytmiske endringa av fjerdedelar eller sekstendelar, alt etter taktarten, i barokken. Kort fortalt betyr det at tonane vert gruppert to og to, og i staden for at dei to er like lange skal den fyrste spelast litt lenger, og den andre tilsvarande kortare. Vanlegvis skal høvet mellom tonane vera tre til to, slik at den fyrste blir tre femtedelar lang, og den andre to femtedelar. Men det er sjølvsagt umogleg å tella til fem inni seg tre, fire gonger i løpet av ei takt, så å spela med den riktige inégaliteten er noko eg må læra ved å lytta og herma. Det er meir ein betonigsforskjell, eit rytmisk driv eller ein god svung, enn ein rytmisk endring, og når det funker er det skikkelig kult.

Eg har hatt time med min lærar i barokk oppføringspraksis i dag, det er derfor eg er så opptatt av franske ujamnheiter. Han har lært meg mange andre barokke finurlegheiter i dag òg. Å spela barokkmusikk på ein historisk måte er som å driva med historieforskning. Notebiletet i barokken var lite standardisert, kunstmusikken var ung og å reisa gjennom Europa tok fleire år. Ulike komponistar nytta seg av ulike teikn, og når dei nytta dei same teikna så er det ikkje sikkert at dei meinte det same. Dessutan forventa komponistane at musikarane kjente stilen, og la til det som mangla i notane av ornament og rytmiske endringar. Den gongen var det lurt, barokkmusikk var samtidsmusikk og på same måte som alle kjenner pop-sjangeren sine særtrekk i dag kjente alle tempoet til ein fransk menuett eller til ein allemande, og alle visste når det var nødvendig med ei trille eller nokre gjennomgangstonar. Om alle detaljane skulle skrivast inn i notane ville det blitt for mykje rot, og rot skal ein ikkje ha.

Men for oss som ikkje er vaksne opp med barokkmusikk så er notane eit lite mysterium, litt som eit kart der halvparten av detaljane er viska ut. Min barokklærar kan heldigvis mange av hemmelgheitane, og i dag har han delt nokre av dei med meg. Og eg har delt med lesarane av bloggen min, enten de vil eller ikkje.