01 april, 2006

Småpanikk

Eg har litt småpanikk akkurat no. Eg har tre solostykker og ein etyde å øva på. I tilleg skal eg ha fyrste øving med ein kvartett på tysdag, noko som betyr at eg bør kunna stemma mi til. Og på torsdag skal eg spela tersar, sekstar og oktavar framfor alle dei andre fiolinstudentane, så eg bør kunna det, og så skal eg kunna tre satsar frå tre ulike orkesterverk til orkesterprøven seinare på kvelden. Og så skal eg spela to satsar frå ein sonate av Hotteterre (fantastisk namn, det er ein fransk barokkomponist) på måndag, det hadde eg nesten glømt. Eg har ikkje moglegheit til å læra meg alt så godt som eg synest eg burde kunna det. Det er alltid sånn, alle prosjekt og konsertar kjem alltid samtidig.

Eg har jobba godt i dag, har øvd fem timar, lest ein time barokkteori, og endå hatt tid til å sjå ein opera, Askepott av Rossini. Læraren min dirigerte orkesteret og skaffa oss gratisbillettar. Han er veldig grei sånn. Framføringa var litt prega av at ein av dei to onde stesøstrene hadde mista stemma, og derfor ikkje kunne synga. Ho mima så godt ho kunne, og den andre søstra sang mange av hennar replikkar, men duettane vart naturlegvis ikkje duettar. Ein kunne merka på heile ensamblet at dei var litt nervøse, og det var eit par små uhell som nok ikkje hadde skjedd på ein vanleg kveld. Men ho som song Askepott hadde ei uvanleg søt stemma, og prinsen song òg godt, så det var ei fin oppleving likevel. Når eg flytter til Berlin skal eg prøva å sjå masse opera. Ein kamerat som var i Tyskland ein gong då me gjekk på vidaregåande fortalte om korleis folk sto i kø for å sjå opera, at dei hadde med seg ein liten krakk og termos med kaffi, og hadde faste plassar i salen. Dessutan sa han at opera var billeg, og med tre operahus burde det alltid vera ein forestilling som freistar.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Åh! Når eg besøker deg i Berlin må me gå og sjå opera!

Guri

2:03 p.m.  
Blogger Mari said...

Det vil eg gjerne!

10:24 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home