28 mars, 2006

Endeleg litt regn

I går i sju-tida på kvelden kom eg tilbake til Odense etter ein lang dag med dårleg flyplass- og togluft. Det var kjempedeilig å komma ut av stasjonen til mildt vårregn og god luft. Det regnar kanskje litt mykje i Bergen, men her i Odense regnar det altfor sjeldan. Eg liker vær med litt motstand i, som ein merker at er der og som ein må ta hensyn til. Dessutan så blir det liksom litt ekstra effektivt å vera ute når det regnar, snør eller bles. Då treng ein ikkje vera så lenge ute før ein er kald og våt og raud i kjakane, og det er jo poenget med å gå ut.

Eg hadde det veldig fint i Oslo i helga. Størstedelen av den var eg på AKP sin revolusjonskonferanse. Det var ganske mange folk, utruleg mange gode, heimalaga kaker i kiosken og fine innleingar og diskusjonar. Mi innleiing gjekk fint, og eg er litt stolt over at eg heldt eit innlegg i plenumsdebatten om samanslåinga av RV og AKP. På sundag åt eg og Jokke på Mecca som ligg nede ved Akerselva. Om ein ser vekk frå dei trege servitørane er det ein fin stad å eta. Det er hyggelig der, og dei har ein god hamburgermeny. Hamburgar kan vera alt frå søppelmat til godt, grovt brød, skikkelig kjøtt og spennande tilbehør, og hamburgarane på Mecca tilhøyrer den siste kategorien. Og så har dei smoothies og milkshakes, og det er alltid godt etter ein hamburger. Me såg òg ein film, Skjult, på sundag. Eg reknar med at Jokke skriv ein omtale av den på sin blogg. Eg likte den sånn passe godt, den var litt treig. Men det var ein fin film å diskutera over middagen etterpå, den tok opp korleis Frankrike behandlar sine innvandrarar. Eg gleder meg til påsken, eg har ei lang liste over filmar eg vil sjå på kino.

3 Comments:

Blogger Guri said...

Linken til ingerid funke ikkje.
Du må ta bort trippelwen...
*smask*

11:59 p.m.  
Blogger Mari said...

Aha, det var det som var feil, eg har lurt på kva det var. Men kvifor funker andre adresser med www foran? *dask*

8:15 a.m.  
Blogger Guri said...

Det berre er sånn? Trur det slik at sider som er, eh, "eigne" (www.db.no) funkar med trippelw, medan sider som er sånn "samlesider", blogspotsider og livejournalsider og sånn ikkje funkar med trippelw. Kanskje?
*plask*

3:34 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home