28 februar, 2006

Kort

No er eg tilbake i Odense etter ein fantastisk ferie i Oslo. Det naturlege ville kanskje vera å skriva om kva eg har gjort i Oslo, men eg har ikkje gjort så mykje spennande. Eg har øvd litt, besøkt Faste og vore saman med Jokke.

Det eg har lyst til å skriva om er kort. Etter fire veker i Danmark har eg fått intet mindre enn seks nye plastikkort. Så no har eg lånekort til Deichmanske bibliotek i Oslo, Bergen offentlege bibliotek, høgskulen i Agder sitt bibliotek (eg var i Kristiansand og trengte notar på ein Mozart symfoni, og eg fekk ikkje ta notane med inn på naborommet utan å bruka ein halvtime på å registrera meg som lånar), og Syddansk universitetsbibliotek. I tillegg har eg eit sygesikringsbevis som fungerer som lånekort til biblioteket her i Odense. Lånekorta til biblioteka på Voss og i Hamar har eg mista, men eg synes samlingen min er ganske fin likevel.

Dei fire andre korta eg har måtta skaffa meg er studentkort, nøkkelkort til konservatoriet, kopikort og noko som heiter Wild card. Det er berre eit tåpeleg namn på eit rabattkort for ungdom på toget. Eg forstår ikkje heilt kva som er så villt med det, men eg får mellom 25 og 50 prosent rabatt på alle togreiser i Danmark, og det er jo fint. Med kredittkort, reiseforsikringskort og bankkort har eg no 12 kort som eg har med meg til ei kvar tid, i tilfelle eg får bruk for dei. Det får eg jo sjeldan. Men eg tør ikkje legga nokon igjen heima når eg går ut, for då finn eg nok fort ut kor nyttige dei eigentleg er.

2 Comments:

Blogger Mari said...

Det greiaste hadde vore å hatt eit lite kort under huden, på handa for eksempel. Og så kunne all informasjonen vore lagra der. Men då hadde kanskje dei som no stjel folk sine lommebøker byrja å stjela hender. Og å få handa si stjelt må vera skikkelig ille.

5:47 p.m.  
Blogger Guri said...

Hehe. Mine filofaxar går altid opp i liminga pga for mange kort. Men men. Sånn er livet.

8:48 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home