09 februar, 2006

Sju dagar igjen

Om sju dagar flyr eg til Oslo for å besøka Jokke. Eg sitt og smiler når eg skriv dette, for eg gleder meg sånn. Eg gleder meg til mange ting no. I morgon skal eg ha time med ein fiolinist som heiter Peter Sheppard Skærved, og det gleder eg meg til. Eg gruer meg litt òg, sidan det alltid er skummelt å spela for ein ny lærar. Men eg har fått høyra at han er ein veldig hyggelig og søt mann, i tillegg til å vera ein dyktig fiolinist, så eg har nok ingenting å grua meg til. Eg gleder meg til å sjå Sannheten om 2006 (og resten), eg gleder meg til å byrja å øva på det stykket eg fekk av læraren min i dag, og eg gleder meg til å eta frukost i morgon, for eg har kjøpt god musli. Alt i alt har eg mykje å gleda meg til og lite å klaga på.

PS: Hei Farmor og Farfar. Det var hyggelig å få sms, og å høyra at de liker å lesa bloggen min. Og hei til alle tantene mine som les bloggen, og foreldre og venner og dei eg ikkje veit kven er.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Skal tru om tantene vil kommenter denne? Eg synst det er flott at du har det så bra, og heldige deg som skal sjå sannheten om 2005 (!)særleg trommissen skal vere så bra har eg høyrt.

7:56 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Ei av tantene takkar for helsing.
Godt at du trives hjå naboane i sør.
Kos deg i Oslo. Faste var imponert av at du fann mobilen min. Måtte då avsløra at dei svarar når me kallar på dei. Nett so kydna.
I dag har eg skifta virus program og scanna maskina for trojanarar m.m.
klem berit

4:02 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home