20 januar, 2006

Det store utland

No er eg i Odense, nærare bestemt på Banegården, som er kombinert tog- og busstasjon, bibliotek og kjøptesenter. Danskane tar ikkje oppfordringa på alle inngangsdørene om å ikkje røyka veldig alvorleg, så på cafeen eg sitt på er det ganske røykfullt. Alle kafear i Danmark har openbart eit bord der fyllikane sitt og drikk, det bordet er ved sida av meg. Men ellers har eg det bra. Mitt prosjekt for dagen er å finna Ikea, og eg skal no ta fatt på mitt andre forsøk. Når eg har gjort det skal eg heim og jobba hardt med å slå tilbake ein begynnande forkjølelese.

Min nye sambuar, Jørgen, er veldig hyggelig og vennlig. Han lager te til meg og svarer på alle mine rare spørsmål, og huset me bur i er eit lite murhus med ein etasje, akkurat sånn som det skal vera i Danmark. Bussen til det eg håper er Ikea går snart, eg skriv meir seinare.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hei!
Eg har aldri lese ein blogg før, men har lese om dei i Dag og Tid. Eg synest det er kjekt å les om korleis du har det. Skal helsa frå Jon og Sigmund. Jon hostar og har perm.
Signymoste

7:26 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home