21 januar, 2006

Fakta om Odense

Etter to og ein halv dag her i Odense føler eg at eg har eit godt grunnlag for å skriva eit lite leksikon om Odense. Her er det:

Alkohol: Det er mogleg for alle over 16 å kjøpa alle typar alkohol alle stader. Det fører sjølvsagt til mykje drikking. Det ser ut som om at alle kafear, fast food-sjapper og pubar har eit bord der det sitt to-tre mennesker og drikk. Dei sit der heile dagen, og drikk jamnt og trutt. Dei kan vera høgrøsta eller stillferdige, alt etter standaren på etablissementet, men dei er uansett skikklig fulle.
Bibliotek: Odense centralbibliotek ligg. logisk nok, i same bygget som togstasjonen. Eg har ikkje utforska det endå, og kan derfor ikkje sei så mykje om standarden. Men eg er evig takknemleg for det opne nettverket der.
Buss: Å gå på bussen utan rettt beløp er ein dldssynd. bussjåføren har nesten ikkje vekslepengar, og dei bak deg i køen blir ikkje blide. Men bussane går ganske ofte, og ein billett kostar 15 kroner og varer i ein time.
Danskar: Dei menneska eg har møtt til no har vore jamnt over hyggelige og venlege. Danskar smiler meir enn nordmenn, eller så har eg gått rundt med noko rart i panna i fleire dagar.
Etasjar: Stueetasjen er 1. etasje, 2. etasje er 1. etasje og så vidare. På skilt i kjøpesenter står det ofte berre "stue", og før eg forsto systemet undra eg meg ofte over kvar denne stova var og kven som fekk lov til å sitta i den.
Hus: Nesten alle hus her er bygd av murstein, med eller utan murpuss utanpå. Det eine høghuset i Odense ragar høgt over alle dei andre, som stort sett ikkje har meir enn ein etasje.
Ikea: Ikea i Odense er lite, så lite at eg brukte mesteparten av ein dag på å finna deg. Ikeahuset låg bak eit digert varehus som heiter Bilka og klemt oppi Jysk, og var nesten umogeg å få auga på. Dei hadde ikkje resturant, ikkje do, ikkje svenske kjøttbollar eller oppvaskkostar. Men ellers så fann eg det eg trengte, og i natt sov eg i ei ny seng, med ny puta, dyna og nye sengekle.
Stikkontaktar: Stikkontaktane i Danmark har av- og påbrytarar. Så når ein skal få ei lampe til å lyse må lampa og stikkontakten vera på.
Sykkel: Det er lov å sykla i vegen i Odense. Det er til og med laga plass til syklistane, og det ser ikkje ut som om bilistane ergrar seg over oss som sykler på same måte som i Noreg. Sidan det er så flatt her er det veldig fint å sykla, og eg har knapt merka at sykkelen eg får låna ikkje har gir.
Tallsystem: Danskane sitt bisarre tallsystem er ikkje lett å få taket på. Sjølv om eg kan teorien og brukar kveldane på å sei fir og halv fjers for meg sjølv, har eg enno ikkje forstått kva eg skal betala i butikken utan å sjå på displayet på kassa.
Vær: Det er kanskje litt tidleg å trekka bastante konklusjonar om været i Odense, men hittil har det vore rundt null grader, vind og snø eller regn. Ikkje særleg triveligt vær å sykla i, men det er det visst berre eg som synest.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Mor eg glad for at du har det bra og dessutan synst ho at du skriv veldig godt!

11:56 a.m.  
Blogger Mari said...

Lille my: Kjem snart kor då? Til Odense? Eg blir veldig glad for besøk, men det er ikkje akkurat verdas navle.

Katarina: Eg har ikkje snakka med nokon danskar om film, har stort sett berre snakka med sambuar Jørgen og tilfeldige butikkmennesker, så eg veit ikkje om Adams Æbler blir snakka om. Men det er ein god film, eg og Jokke såg den for ei stund sidan. Fint at Nikolai og Jon Are er hyggelige, men det skulle berre mangla når du er så hyggelig som du er. Det tok ei natt og to timar med tog til Odense, med fly til København og tog vidare tar det nok berre nokre timar.

5:08 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home