27 januar, 2006

Litt forkjøla, ellers bra

Eg trur eg har fått ein hurtigforkjølelese. Den kom i løpet av natta og i dag har eg produsert uendelege mengdar snørr. Synd det ikkje går ann å bruka det til noko. No er eg så godt som frisk igjen, og reknar med å vera heilt bra i morgon. I går hadde eg min fyrste fiolintime med han som skal vera læraren min i minst eit halvt år. Han er veldig hyggelig og vennleg, og eg er ganske sikker på at han er ein flink lærar. Når det gjeld det siste har eg tatt feil før, men eg likte dei tinga han sa til meg. For spesielt interesserte kan eg nemna at eg skal jobba med å kontrollera frosjen, og særleg bogeskift ved frosjen, og eg må gjera mindre justeringar på måten eg brukar venstre handa mi. Neste time skal me jobba med vibratoen min. Det er min blogg, så her kan eg nerda så mykje eg vil.

Sjølv om eg har det bra her saknar eg Noreg, og då særleg Oslo og ein hyggelig ung mann som bur der. Eg kjem på besøk 10.-12. februar, og er allereie begynt å gleda meg. Håper det er ein fest me kan gå på så eg verkeleg får ein dose sosialt samvær med folk eg kjenner, og som forstår meg når eg pratar. Dessutan vil eg på kafe. Kanskje eg er blind, men eg har enno ikkje funne ein hyggelig kafe her. Eg får leita meir i morgon. Då skal eg òg kjøpa meg ein fastelavensbolle. Det står skilt utafor alle bakeria om at dei har fastelavensbollar med flødeskum, marsipan eller sjokolade, og det må eg jo smaka. Den andre danske spesialiteten eg har fått høyra om, leverpølse, venter eg litt med.

5 Comments:

Blogger Guri said...

No har eg lasta ned skype!
(og hatt optaksprøve)

6:13 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Fastelavensbolle med flødeskum høyrest veldig godt ut! Håpar forkjølinga går over fort!

11:01 a.m.  
Anonymous Anonym said...

anonymous = mor denne gongen

11:03 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Dersom du var i tvil Mari?

11:03 a.m.  
Blogger Mari said...

Fastelavensbollen var stor og fin utanpå, men inni var det berre eit stort hol. Det var litt spor etter vaniljekrem nederst, og det var det. Eg liker nok best dei norske med skikkelig masse krem. Men no har eg i alle fall smakt.

11:32 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home