23 januar, 2006

Skype

Skype (www.skype.com) er eit gratis program som gjer at dataen fungerer som ein telefon. Ein kan ringa til alle andre som har lasta ned skype, og snakka med dei så lenge ein vil utan andre kostnader enn det ein betalar for internett. Lyden er meir naturtru enn på telefon, men det er ein del skurring og rare lydar. Eg mistenker at det har noko med at internettoppkoblinga mi ikkje er verdas beste. Skype er så enkelt at både eg og mor mi klarte å lasta det ned og bruka det på fyrste forsøk, og det fungerer på både pc og mac.

Grunnen til denne reklamen er at eg er veldig glad for at eg har skype, og eg vil gjerne gjera alle andre lika glade. Og jo fleire av mine venner som har skype, jo fleire av dei kan eg snakka med.

Ellers har eg ikkje gjort så mykje i dag. Eg var innom konservatoriet og sa hei, eg er den nye utvekslingsstudenten. Men ho eg skulle snakka med var der ikkje, så eg må innom igjen i morgon. Då får eg timeplan òg, er litt spent på kva dei har funne på at eg skal ha.

7 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hie!
Tenkte eg skulle lasta ned skype eg og:) Har berre ikkje fått somla meg til det endå. (Har hatt ein liten gul lapp det står "skype" på i filofaksen min i sikkert tre månader, hehe.)
Men no som du og har fått er det jo ingen grunn til å la vera :)

2:23 p.m.  
Blogger Mari said...

Nei, det er det ikkje. Men skype er ikkje heilt stabilt, i går var det plutseleg ikkje noko lyd. Og nei, eg hadde ikkje skrudd av lyden på macen. Men når det funker så er det veldig bra.

8:24 a.m.  
Anonymous Anonym said...

hehe... sånn kan det gå :)
Men uansett gilligare enn å driva å ringa til Danmark.
Treng du forresten kortet? Eller kan eg berre behalda det... :D

10:13 a.m.  
Anonymous Anonym said...

hehe... sånn kan det gå :)
Men uansett gilligare enn å driva å ringa til Danmark.
Treng du forresten kortet? Eller kan eg berre behalda det... :D

10:13 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Billigare skulle det stå, ikkje gilligare. Og så skulle det berre vera ei gong og med guri ikkje anonym.

10:18 a.m.  
Blogger Mari said...

Eg får eit studentkort her, og ingen har spurt etter det gamle, så du kan berre behalda det. Dessutan har dei ikkje studentprisar på tog her, berre under 26 år-prisar, så eg treng eigentleg ikkje studentkort.

12:45 p.m.  
Blogger Guri said...

Jippi!
Veldig glad i deg (og danske under 26-prisar)

6:19 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home