08 mars, 2006

Skal eg flytta til Berlin til hausten?

Gratulera med dagen, damer! Eg veit det er 8. mars i dag, men det er allereie skreve så mykje klokt om feminisme (sjå for eksempel denne sida der mange blogginnnlegg er samla: http://www.androida.net/0803/) at det meste er sagt. Og det er, for å vera heilt ærleg, noko som opptar meg meir for tida enn feminisme, og det er; skal eg flytta til Berlin til hausten?

Eg tenkte eg skulle legga fram fordelar og ulemper, og så opnar eg for ei rådgjevande folkeavstemming.

Fordelar med å flytta til Berlin:
1. Læraren eg eventuelt skal studera med der, Alexander Grothe, er systematisk, ambisiøs og fokuserer på teknikk, og det har eg godt av.
2. Mor hans leiger ut leilegheiter/hyblar, og eg kan bu for omtrent 2000 kroner i månaden. Eg veit ikkje om nokon annan stad eg kan betala så lite, og øva.
3. Eg trur mat er billegare i Tyskland enn i Noreg.
4. Berlin er ein by med fantastisk mange konsertar og orkester og musikarar, og eg kan sikkert få mange fine opplevingar.
5. Ei studievenninne frå Bergen skal flytta dit for å studera med same læraren, og ei anna studievenninne er der allereie, men ho veit ikkje om ho blir buande etter sommaren, så eg har minst ein venn der.
6. Det er kult å kunna sei at eg har budd i utlandet, og Berlin er mykje meir utland enn Odense.
7. Eg treng eit år å læra meir på før det avsluttande året mitt ved Griegakademiet, og eg veit ikkje om nokon annan lærar som har lyst og tid til å undervisa meg ein til to gonger i veka i eit heilt år.

Ulemper med å flytta til Berlin:
1. Det er lengre unna Jokke.
2. Eg blir veldig avhengig av dei få eg kjenner der, sidan eg ikkje kan tysk og ikkje skal gå på skule og bli kjent med fleire.
3. Ho som bur der skriv i ein epost at ho tenker på å flytta, ho "føler seg ikkje heilt heima der og sånn", noko som kan bety alt frå at det er litt stussleg til heilt ubebueleg. Litt stussleg kan eg eg leva med, det er berre å ta med plakatar og ullteppe.
4. Eg er usikker på om læraren er så god som alle trur, han er liksom for god til å vera sann. Men det kan òg vera at eg er for skeptisk etter at det viste seg at læraren på Griegakademiet ikkje var noko god.

Det er uansett berre snakk om 10 månadar, frå september til juni, eller kanskje berre til mai, og eg kan jo reisa heim viss eg ikkje liker meg. Flybillettane er ikkje så dyre om eg kjøper i god tid, og når eg ikkje skal gå på eit konservatorium med obligatorisk undervisning så kan eg styra meir sjølv når eg vil reisa til Oslo.

Kva meiner folket? Skal eg til Berlin? Viss ikkje, kor ellers kan eg bu?

9 Comments:

Blogger Guri said...

Til lukke med dagen :)
Synes du skal flytta til tyskland. Kan koma på besøk eg :D
Og seriøst, kan du ikkje tysk? Hm...

11:28 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Synes Berlin høres ut som en kjempeidé. Norwegian setter opp billigruter fra Bergen til Berlin snart (300,- hver vei eller noe tilsvarende gratisaktig), så da kan du jo få besøkende!

Foreldrene mine bodde en stund i Frankfurt, og gjorde karriære som anti-krigsdemonstranter, og ble kjent med fx mange amerikanske kreisikommunister. Så det er jo en måte å unngå isolasjonen :)

2:11 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Det blir sagt av folk som går for å vere kloke at det er ikkje det ein gjer ein angrar på, men det ein ikkje gjer. Tenk på alt du kan finne ut om Berlin ved å vere der. Eg kan komme på besøk eg og.

4:24 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg flytter til Berlin. Sjølv om folkeavstemminga berre var rådgjevande så bør eg jo ta hintet når den er einstemmig. Eg likte særleg Katarina sitt poeng om at det bur folk heile tida i Berlin, så det kan ikkje vera så ille å bu der :-)

9:26 p.m.  
Blogger Mari said...

Og klart du og Håvard kan bu hjå meg, Katarina. Alle andre òg, eg blir glad for besøk. Men eg veit ikkje heilt korleis fasilitetane er, kanskje de må ha med liggeunderlag.

9:28 p.m.  
Blogger Brage said...

Øyh, viss vi skal starte band kan du jo ikke fløtte til Bergen, søte deg!

Har forresten invitert deg til å være team member på Radikale Bloggere (radikalere.blogspot.com). Check it out!

12:47 p.m.  
Blogger Mari said...

Bedårande Brage, eg flytter til Oslo før eller seinare. Det har vore mitt endelege mål sidan eg møtte Jokke for seks år sidan. Ting tar berre litt tid...

Takk for invitasjonen!

5:55 p.m.  
Blogger Brage said...

Heh. Mente Berlin åpenbart, ikke Bergen. :-)

5:47 p.m.  
Blogger Anna said...

Hei Mari!
Det er dødsfett hvis du flytter til Berlin altså! Det er ikke lenger unna Oslo enn Odense, det bare føles sånn ;) DU er så utrolig kul som bare reiser rundt i verden, skulle ønske det var jeg! Men jeg har jo fillebikkja å ta meg av, og det er ikke å forakte! Snakkes!

11:23 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home