02 april, 2006

Folk som går forbi vindauget mitt

Når ein står og øver er det fint å ha noko å kvila blikket på. Stort sett kan eg det eg speler utenatt ganske fort, så i staden for å sjå på notane ser eg ut vindauget. Der eg står, fem timar om dagen, kvar dag frå åtte, halv ni-tida om morgonen til ni-tida om kvelden, og ser på folk som går forbi. På grunn av hekken ser eg berre hovudet på dei som går på mi side av gata, og men nesten heile overkroppen på dei som går på andre sida. Dei som syklar ser eg heile av, men dei syklar så fort forbi at eg eg ikkje får sett skikkelig på dei. Unntatt den dama som syklar forbi om morgonen, og tilbake igjen utpå ettermiddagen, kvar dag. Ho har på seg ei fantastisk mønstrete jakka i rosa og lilla, og er umogleg å ikkje få auga på. Dama er omtrent femti, med kort, grått hår. Av og til har ho med seg to bæreposar, då går ho. Eg ser for meg at ho arbeider i barnehagen som ligg nedi vegen her, ho ser ut som ei dame som heller jobber ute eller med folk enn inne blant bøker og papir.

Dei fleste eg ser kvar dag er folk som går tur med hunden sin. Ein gammal mann med rullator går forbi ein gong om dagen med ein liten, kvit hund som openbart er mykje lettare til beins enn sin eigar. Ein annan mann, som òg er gammal, men mykje sprekare, har ein border collie som han luftar fleire gonger om dagen. Av ein eller annan grunn minner denne mannen meg om Farfar, eg trur det er hua som minner meg om ei hue Farfar har hatt. Eller så er det noko anna som liknar, kanskje det er kroppsfasongen eller måten å gå på. Men eg tenker på deg kvar gong eg ser han, Farfar.

Det er mange andre som går forbi vindauget mitt, dei fleste med hund. Eg brukar å gjetta om personen som kjem gåande har hund eller ikkje, før eg ser hunden gjennom hekken der den er tynnast. Folk med hund går på ein annan måte enn dei utan, dei går meir rykkvis og mindre målbevist. Unntaket er dei som har hundar som går fint ved foten utan å snusa og surra bak busskuret og i grøtekantane, dei går som mennesker utan hund.

Eg får av og til spørsmål om eg ikkje blir gal av å stå og øva heile dagen. Det tar eg som eit kompliment, for det betyr at eg ikkje framstår som ein galning enno. Men eg trur at det er vindauget si forteneste at eg ikkje går på veggane. Om nokon trekk for gardinene tar det nok berre nokre timar med skalaøvingar før eg blir vill i blikket.

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

Så fint.

3:05 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Du skriv så fint synst eg!

7:12 p.m.  
Blogger Tor said...

Jeg får litt Agathe Christie-assosiasjoner av en eller annen grunn. Hmmmmm....

Det er var i alle fall veldig fint Mari, og jeg sa til far at han måtte ta seg en tur inn og se når jeg snakka med han i dag.

10:00 p.m.  
Blogger Anna said...

Men det er vel ingen av hundene som er finere enn min masja??

3:49 p.m.  
Blogger Mari said...

Er det eit lurespørsmål, lille frøken? Ingen er finare enn din Masja, det trudde eg ikkje det var nokon tvil om. Har du og ho lyst til å gå på tur i skogen i påsken? Eg vil ha frisk luft, mosjon og appelsin i sola.

6:18 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home