08 april, 2006

Shanghai glød

I dag har eg opplevd noko fantastisk. Ei venninna av meg av har ein far som saman med sambuaren sin har starta opp Dragonfly Therapeutic Retreat. Det er ein stad ein kan få ulike typar massasje og behandlingar, eller slappa av i relaxrommet. Bortsett får mangelen på norske ord er dette eit fantastisk konsept. Eg hadde aldri hatt råd til å gå dit, om ikkje venninna mi får gratis massasje, både til seg og sine venner. Me fekk ein ansiktsbehandling kalla Shanghai glød, med massasje, maske og rensing. Det var heilt fantastisk. Det er vanskeleg å beskriva korleis det kjenteset, det var herleg avslappande og huden min er kjempeglatt og mjuk. Om eg hadde vore rik skulle eg fått massasje kvar veke.

4 Comments:

Blogger Anna said...

Du har byttet farger på bloggen! Juhu!

2:41 p.m.  
Blogger Mari said...

Wilhelm har lært meg, det er kjempegøy. Men eg har openbart ikkje særleg god smak. Jokke skifter fargar på sin blogg, òg. Du må sjå.

2:49 p.m.  
Blogger Brage said...

Jøss! Åssen har du fått alle commandsa til å være på nynorsk 'a? Du må forresten prøve påskenøttene mine! Link ligger på Tumleplassen!

9:19 p.m.  
Blogger Magnus said...

Det er berre å endra i malen din, Brage. Eller 'template', då.

1:56 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home