16 april, 2006

Påskeblogg

Bloggen min har fått nye fargar. Det er fordi Wilhelm var så snill at han viste meg korleis ein gjer det. Det er eigentleg berre ein avansert versjon av å blanda fargar i målarskrinet. Fyrst så skriv eg rgb, som står for red, green og blue, så dataen veit kva slags fargesystem eg bruker. Så skriv eg eit tall mellom 0 og 255 for kvar farge, med komma mellom, og blandinga blir til saman ein farge. Til dømes er 0,0,255 knall blå, 0,255,255 turkis og 0,0,0 heilt svart. Det er ikkje så lett som ein skulle tru å komma fram til fargar som ser bra ut saman, særleg fordi størrelsen på feltet som skal ha farge betyr så mykje for korleis fargen ser ut. Men no synest eg det ser ganske ok ut, litt bleikt kanskje. Eg tenker på å laga ein brun og grøn blogg, og ein med oransje fargetonar, men det blir nok ei stund til eg blir ferdig med det. Eg tar imot kritikk av fargeval med takk.

Bortsett frå å leika med fargar har eg vore masse sosial i påsken. Eg og Jokke har ete middag med minst ein til, ofte fleire, kvar dag, og eg har vore på fest og på besøk hjå Faste. Og så har eg øvd litt, men sjølvsagt altfor lite. Eg kjem til å få det hardt i neste veke, ein time etter at eg kjem til Odense byrjar den fyrste orkesterprøven, og så går det i eitt resten av veka. Men det er ikkje før på tysdag, eg skal ha ferie fram til då. I dag har eg, Jokke, Katrine og Bård ete pannekaker med is til frukost. Dei var her og spelte spel i går, og sidan nattbussane ikkje går i påska måtte dei overnatta. Seinare i dag skal me til dei og eta midadag, det blir heilt sikkert veldig hyggelig. Og så får eg kosa med katten deira, viss han vil.

4 Comments:

Blogger Guri said...

Bloggen din er blå!!!

8:32 p.m.  
Blogger Anna said...

Kjempefine farger mari!

10:41 a.m.  
Blogger Mari said...

Eg veit at bloggen er blå, Guri. Det er rett og slett fordi ulike nyansar av blått var det lettaste eg kom på då eg skulle skifta fargar. Men neste prosjekt blir nok brun/oransje (Katarina-fargar). Takk for skryt, Lille Fræken. Synd det ikkje blei noko tur på oss i påska.

12:24 p.m.  
Blogger Guri said...

Eg er ikkje så glad i blå då...
Men bortsett frå det er du superflink mari :D

4:52 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home