19 april, 2006

Eit mysterium

I dag kom det eit mystisk brev i posten. På konvolutten står namnet mitt og den gamle adressa mi i Bergen skreve med skrivemaskin eller skrivar, og posten har klistra på ein adresseforandringslapp. Frimerket er eit vanleg A-postfrimerke, men utan stempel. Inni konvolutten er det eit a4-ark med overskrifta "Innbydelse til konfirmasjon" i løkkeskrift-font. Vidare er det eit bilete av ein ung gut som sitt i ei trapp inni eit hus. Han har grøn gensar og smiler litt. Under biletet, som dekker over halvparten av arket, står det: "Vi har den glede å invitere Mari med samboer til Anders sitt konfirmasjonsselskap søndag den 21. mai kl.13.30 i Fløteren på Skogmusèet. SU: innen 1. mai. Hilsen Tove Heidi og Johnny."

Det er kjempehyggelig å bli invitert i konfirmasjon. Problemet er berre at eg ikkje veit kven eg er invitert til. Eg kjenner ein Johhny, ein gamal venn av far min. Men far min meiner bestemt av Johnny sin kjæraste ikkje heiter Tove Heidi, og han har heller ingen son som heiter Anders. Utallige søk i telefonkatalogen og på sesam har ikkje gitt noko svar, eg klarer ikkje å finna nokon Johnny og Tove Heidi som bur saman, heller ikkje med nokon Andreas. Utallige søk i min eigen hukommelse har heller ikkje gitt noko treff. Det hadde hjelpt om Andreas, Tove Heidi og Johnny hadde skreve ei adresse, eit telefonnummer eller eit etternamn i invitasjonen, men det har dei ikkje.

Eg har ingen illusjonar om at heile Noregs befolkning les bloggen min. Men om nokon av mine lesarar veit kven eg er invitert i konfirmasjon til så vert eg veldig glad.

7 Comments:

Blogger Guri said...

Kanskje det fins nokon andre som heiter det same som deg? Kanskje brevet er feilsendt? Who knows... :p

11:50 p.m.  
Blogger meeeh said...

Du bør jo åpenbart dra!!! Møt opp, og håp på det beste.

1:37 p.m.  
Blogger Fjeldstad said...

Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

9:48 p.m.  
Blogger Fjeldstad said...

Du må vel vite om du har familie på Elverum eller ikke. Uannsett så har du innbydelse og jeg har funnet ut hvor det er så vi kan jo bare dra. Men det kan også hende at det var ment til hu partyjenta i Tønsberg som har navnet ditt....

9:48 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg veit at eg ikkje har familie på Elverum, det er jo det som er så rart med invitasjonen. Det kan vera at dei har slått opp i telefonkatalogen, og tatt feil av meg og den andre som har mitt namn. Men er ikkje det litt rart, sidan ho bur på sørlandet ein stad? Det er liksom ikkje noko ein tar feil av, dei ein inviterer i konfirmasjon bruker ein vel å vita om bur på vestlandet eller sørlandet.

Men jo, eg kunne vel gå. Har du lyst å bli med, Jokke? Eg trur kanskje at sjølv om invitasjonen er til Mari med sambuar så er det deg dei meiner, og ikkje min sambuar Jørgen i Odense.

10:40 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg stemmer for at du går :p
Kan jo bli kjeeeempemorosamt! Du må i så fall skriva rapport på bloggen etterpå ;)

12:16 p.m.  
Blogger Magnus said...

Fantastisk historie... Men etter eit lite søk på telefonkatalogen kan eg forstå at dei nok har teke feil adresse... Det ser ut til å vera ei i Brumunddal med eit liknande namn f eks.

5:23 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home