03 mai, 2006

Eg skal til Oslo!

I dag har eg kjøpt togbillettar og i morgon reiser eg til Oslo. Det var eigentleg ikkje planen, men så viser det seg at læraren min i Odense underviser mykje lenger enn det står i årsplanen, og då må jo eg bli her lenger òg. Og plutseleg blei det ei evigheit mellom påske og neste gong eg kom til Oslo. Derfor ein liten spontantur no. Det er ikkje berre for gøy, eg nyttar høvet til å ta med meg litt av flyttelasset mitt òg. Det er utruleg kor fort tinga mine formeirer seg, eg kjem ikkje til å få plass til alt i dei to koffertane mine. Men mest for gøy. Eg har lyst på konsert, for no har eg øyreproppar og treng ikkje vera redd for å skada hørselen. Og så har eg lyst på kino, og å sitta på pub og drikka øl og slarva. Aller helst på uteservering. Er det varmt nok til det i Oslo?

I dag har det vore så fint og varmt i Odense at det nesten ikkje er til å tru. Klesvasken min vart tørr på eit par timar i sola, og eg har tusla rundt i sentrum i berre t-skjorta og titta på alle andre som var ute for å titta på folk. Eg såg litt etter ein kjole, men fann ingen. Eg ønsker meg ein fin kjole til bryllupet eg skal i siste helga i mai, den må vera passe fin, passe billeg og passe sommarleg. Det er tre ting på ein gong, og ikkje så lett å finna. Eg har mest lyst til å sy ein kjole. Det burde ikkje ta så lang tid, om eg finn eit fint stoff og har eit enkelt mønster klart i hovudet burde eg klara det på ein dag med tilgang til symaskin. Men det har eg jo ikkje før bryllupet, og å sy for hånd tar fort masse tid. Men det hadde vore gøy, kanskje eg skal prøva å få det til.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Eg og skal til Oslo til helga!

12:12 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Så artig :) Kom tilfeldigvis over bloggen din, og synest den var artig å lese. Har sjølv planer om å sy ein kjole til å ha dagen etter bryllupet mitt. ;) skal gifte meg sthans :) Så tida begynne å bli knapp. Driver å leiter etter stoff, men det er ikkje enkelt. Har funnet eit bilde av ein pen enkel kjole, så håper eg får det til ;-) Hehe. Har kun sydd ein gang før, så blir spennende. Glad det ikkje er brudekjolen eg skal sy. hehe :-) Lykke til med syinga! :-) Anja / bryllup.benkestokk.no :-)

10:20 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home