21 mai, 2006

Bileter frå Odense

I morgon skal eg ha min siste barokk-time, og eg skal levera ei oppgåve i auditiv analyse som eg sit og strevar med no, og på tysdag reiser eg heim til Noreg for sommaren. Eg har ikkje fått så mykje besøk som eg blei lova her i Odense, men det gjer ikkje noko. Eg har ikkje hatt nokon stad som gjester kan overnatta, og det har vore fint å ha ein grunn til å reisa til Oslo. Her er eit par bileter, så de får sjå litt av korleis eg har hatt det.



To bileter av huset eg har delt med Jørgen

Den artigaste butikken i Odense sel gjenbrukte born

Meg og sykkelen utafor konservatoret

Eg heldt ein liten konsert for foreldra mine då dei besøkte meg

2 Comments:

Blogger ADM said...

Mari då: eit bilete, det biletet, fleire bilete, dei bileta.

12:56 a.m.  
Blogger Mari said...

Men Mathias då: Eg har ikkje gått på skulen på fem år, og bortsett frå deg så er det ingen som bruker raudblyanten på det eg skriv lenger. Derfor snik det seg inn feil her og der. Du må berre trekka pusten djupt eit par gonger og læra deg å leva med det :-)

8:09 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home