12 mai, 2006

Sol og syklar

I dag har mine bleike, hårete leggar fått litt sol på seg. Eg har ete både lunsj nummer ein og lunsj nummer to i hagen. Men i morgon skal det visst vera slutt på det fantastiske veret, så det blir nok ikkje meir soling på ei stund. No er det ikkje lenge til eg skal reisa heim igjen, berre to veker, og eg føler det er på tide å oppsumera mitt Danmarksopphold. Ein av dei store forskjellane på Noreg og Danmark er all syklinga. Danskar i alle aldrar, frå seks-sju år og opp til godt over pensjonsalderen syklar, overalt og heile tida. Det er laga plass til syklistane i trafikken, alle vegar av ein viss størrelse har sykkelsti, og alle lyskryss har avmerka kvar ein skal sykla så det ikkje vert kollisjonar. Dei største lyskryssa har til og med eigne sykkellys, som slepp syklane over før bilane. Eg kjem til å bli ein farleg syklist når eg kjem tilbake til Noreg, og ikkje lenger kan forventa å bli tatt hensyn til av bilistane.

Det finnes fire typar syklistar i Danmark, proffsyklisten, handikappsyklisten, kvardagssyklisten og stilsyklisten. Proffsyklistane kan delast opp i to grupper, postbudene og dei andre. Postbudene har eigne postbudsyklar med store sykkelvesker foran og bak, og ein eigen støttemekanisme så dei ikkje veltar når postbudet sett dei frå seg. Dei andre proffsyklistane liknar på dei med har i Noreg, dei har sykkelbukser, sykkelhjelm, proffe syklar og høgt tempo. Denne gruppa er forresten dei einaste som bruker hjelm, bortsett frå små born under åtte-ni år.

Handikappsyklistane er ei relativt stor gruppe samanlikna med heima. Sidan sykling er ein så stor del av kvardagen her er det få som lar dårleg balanse eller svake bein stoppa seg. Nokre syklar på trehjulssykkel, andre har små motorar til å hjelpa seg i dei nesten ikke eksisterande oppoverbakkane. Den største gruppa syklistar er kvardagssyklistane. Dei har ein sykkel som fungerer, verken meir eller mindre. Dei står i kontrast til stilsyklistane som bruker tid og krefter på å ha ein sykkel som understreker resten av stilen deira. Tøffe gutar i skinnjakker har tilsvarande tøffe syklar i motorsykkestil med høgt styre og flammelakkering, medan søte jenter har plastblomar i korga og rosa sykkel.

Min lånte, svarte sykkel utan gir plasserer seg trykt i kvardagssykkelkategorien, og eg kjem til å sakna den når eg reiser heim. Men det er no ein gong sånn at flate, danske vegar egnar seg betre til sykling enn bergenske trapper og smug.