13 juni, 2006

Bloggproblemet

Problemet med å blogga er at når det endeleg skjer noko som er verdt å blogga om, så har eg ikkje tid til å skriva. Eg har jobba med kulturstafetten til støtte for dei sveltestreikande afghanarane dei siste dagane, og brukt masse tid på å ringa rundt, snakka med folk, og på å vera i teltleiren. Eg har ikkje gjort så mykje interessant på lenge, Men eg har ikkje tid til å skriva om alt. Det får halda å skriva at David Rovic heldt ein strålande konsert i kveld, og at cabare-gruppa Sjel og showtime skal opptre i morgon, berre me klarar å skaffa eit eller anna tangentinstrument til dei. Så viss nokon har eit elektrisk piano eller ein synth til låns, er det berre å ta kontakt. Men no må eg legga meg, eg skal stå opp tidleg for å vera med på morgonsendinga til RadiOrakel.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hei Mari,

gidd du slengja ein epost i veg til ein gamal kjenning? oyvindstrommen ætt gmail dått com er adressa du treng.

Øyvind

10:55 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home