16 august, 2006

Berlin - min nye favorittby

No har eg vore i Berlin, og eg elskar den byen! I går stakk eg av frå dei andre i orkesteret og utforska Berlin på eigenhand. Eg fann ut av kollektivtrafikken, og utforska bydelen Kreutzberg, som var mykje hyggeligare og meir spennande enn sentrum. Eg åt lunsj på ein tibetansk resturant, mens eg titta på folk og skreiv postkort som eg tok med meg heim i kofferten. Ungdomssymfonikerne spelte konsert på kvelden, i eit fantastisk konserthus med 14 digre lysekruner og nesten perfekt akustikk. Publikum i Berlin hostar ikkje, dei sitt stille og høyrer og oppfører seg akkurat sånn som dei skal. Saman med den gode salen, ein strålande dirigent, god musikk og eit godt og toppkonsentrert orkester, blei konserten heilt fantastisk. Me spelte så godt! Alt som gjekk dårleg på generalprøven gjekk bra på konserten, og me fekk applaus i ein liten evigheit.

Etterpå blei me bussa til den fellesnordiske ambassaden, der det var mottaking berre for oss. Me fekk utrulege mengder mat, vin, sjampanje, øl, taler og applaus. Det kjentest litt merkeleg, å bli invitert til å fråtsa med fiffen berre fordi ein speler i eit orkester, men det var veldig morsomt òg. Særleg når folk, lettare berusa, drog fram instrumenta og spelte folkemusikk og duettar, med stor innleving og litt mindre stor presisjon.

No er eg heima igjen etter tre veker med speling, og det er litt rart. I morgon er det ingen som forventar at eg sitt på stolen min, ferdig oppvarma og våken og konsentrert, klokka fem på ti. Men det er mest fint, eg skal sova til eg våknar, og så skal Jokke laga frukost til meg. Etterpå skal eg kanskje lesa litt, eller øva litt, og så skal eg læra meg tysk. Det er mykje vanskelegare enn eg trudde å gjera seg forstått på engelsk i Berlin, og dessutan så verkar ikkje tysk som eit umogleg språk å læra seg.

8 Comments:

Blogger Tor said...

Det høres så deilig ut å spise og drikke med fiffen og å komme hjem til Jokkes frokost. Og det fine er at begge deler kanskje blir bedre av å oppleve det andre? Jeg gleder meg alt til å reise og besøke deg i Berlin, men regner ikke med samme oppvartning.

Gleder meg også til å treffe deg snart!

10:02 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Tysk er ikkje så vanskeleg nei :)
Forresten har eg nøkkelkortet ditt, vil du ha det?

3:11 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Berlin er berre heilt unik, merkeleg nok. Eg veit ikkje kva det er, men noko er det. Kanskje er det fordi me kjenner oss att etter å ha budd i Bergen, ein viktig Hansaby? - Eg merka det samme då eg kom til Lübeck, som var "hovedstaden" til Hansaforbundet. MEN eg likar meg best i austdelen "= ehemaligen DDR" som eg opplevde i 1972, medan dei var bak jernteppet. Vest-Berlin er for fiffete for meg: Besser-Wessies, som aust-befolkningen kallar dei på sitt verste. Ich liebe die Ampelmännchen!! -und auch der Trabi.
Bis bald! - Deine uralte Tante in M.

11:07 p.m.  
Blogger Ingerid said...

Gler meg te å besøka deg der nere i øl- og pølseland. Kanskje me kan dra til Bavaria og sjå etter hagenissar???

3:22 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Så fint det hørtes ut å holde en sånn fantastisk konsert! jeg blir ganske misunnelig. Det hørtes helt fantastisk ut. Men vi skal jo holde høstleir... og det er jo også å skape noe som man får bifall for.. men man blir ikke invitert på middag med fiffen etterpå.

Høstleir blir uansett ikke det samme når ikke du skal være der, Mari. Eller... Kanskje vi skal prøve å overtale deg til å bli med? 5-8 oktober? Er det en liten mulighet?

Jeg kommer nok til å mase mer om det senere.

2:24 a.m.  
Blogger Mari said...

Eg trur haustleir i Bergen vert vanskeleg å få til, Katarina. Det er så mange ting eg har lyst å få med meg, og eg må prioritera, eg har ikkje tid og pengar til alt. Men eg sit og leiter etter billege flybillettar så eg kjem meg på kvinnekonferansen 1. til 3. desember, den kan eg ikkje gå glipp av.

9:20 p.m.  
Blogger Heluis said...

Lykke til og kos deg i Berlin, Mari! Og så må du (hvis du har tid) lese masse tysk litteratur - gjerne fra romantikken og realismen! Det er saker :)

10:30 p.m.  
Blogger meeeh said...

Berlin er bra det. Jeg var der i vinter - da var det bikjekaldt, og blåste noe jævli fordi gatene er så sinnsykt breie.

Men - Junge Welt er dagsavisa å lese. Den er ikke mer radikal en KK, men kulere.

Vært i Neukölln ennå? Bra det også.

Du må dra på sosialistisk sightsing en dag. Mye kult å se. skal sende deg en liste på epost når jeg har tid.

12:34 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home