27 august, 2006

Eg er blitt 24 år

På torsdag hadde eg den beste bursdagen eg nokon sinne har hatt. I alle fall på mange, mange år. Den begynte med at eg vakna, og konstanterte at eg både ville og kunne sova litt til. Då eg vakna for andre gong var eg klar til å byrja feiringa, og vekte Jokke så han kunne gjera dei siste førebuingane. Medan eg lata som eg sov, fann han fram presangane, dekte frukostbordet og satte på omnen så eg skulle få varme rundstykker. Då alt var klart, og eg nesten ikkje klarte å ligga i ro lenger fordi eg var så spent, kom han inn døra med presangar og bursdagssong. Eg fekk ein roman av Ingvar Ambjørnsen, filmen Tomme hus og Brødrene Dahl på dvd av Jokke, og ei reisehandbok om Berlin av mor hans og mannen hennar, og vart veldig glad for alt saman.

Heile dagen fekk eg alt eg peikte på, frå ostekaka til frukost til saltsild på Narvesen, og eg storkoste meg. Ein skulle hatt bursdag ein gong i veka, så fint var det. Og så fekk eg masse gratulasjons-smsar, som eg ikkje har somla meg til å takka for, sjølv om eg vart veldig glad. På kvelden åt me på ein marokkansk resturant ved Rådhuset, og eg fekk det møraste lammekjøttet eg nokon gong har ete, og endå meir ostekaka til dessert. Eg hadde ein så fin dag at eg smilte då eg vakna morgonen etter, så no gleder eg meg berre til å bli 25.

6 Comments:

Anonymous Anonym said...

Jeg er en dårlig venninde, jeg glemte helt at du hadde bursdag! :(

12:05 p.m.  
Blogger Ingerid said...

Eg og, eller rettare sagt: eg glømte det berre den dagen du hadde bursdag. Dagen før og dagen etter huska eg det. Fin-fint.

1:49 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg er ei dårleg venninna sjølv, så eg er veldig fornøyd med at ikkje de hugsa på det. Det hadde vore kjipt å vera den einaste som ikkje hugsa bursdagar.

5:01 p.m.  
Blogger Heluis said...

Gratulerer med vel overstått!

6:12 p.m.  
Blogger Brage said...

Grattis 'a, sånn litt på etterskudd! Men herrejemini så gamle folk driver og blir...

3:05 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Apropos kjip venninne som glemmer bursdager... Det er bra du har en blogg hvor man kan lese sånt, så kan man i alle fall sende en kommentar med garatulasjoner!

GRATULERER SÅ MASSE MED VEL OVERSTÅTT BURSDAG! Så fint å høre at du hadde det fint på degen din. Neste år er det rundt tall, og vimå ha stor feiring.

Hva er adressa di i Berlin?

12:27 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home