05 september, 2006

Hagenissar og hagesopp

No har eg jo fått eit nytt vindauge å sjå ut når eg øver. I motsetning til mitt danske vindauge har mitt tyske ikkje særleg spanande utsikt. Eg ser ut i bakgarden vår, og på baksida av ein del andre hus og blokker. Men det er to lyspunkt. Det eine er dei to hagenissane som står ved sitt sopphus og tittar på verda. Sopphuset har både dør og skorstein, og hagenissane har dei obligatoriske raude hagenissehuene. Det gjer godt å sjå på noko så klassisk og vakkert. Det andre lyspunktet er det vindauget der det av og til står nokon og røyker. Men bortsett frå det er det veldig lite å sjå på, så eg må konsentrera meg om øvinga.

Eg hadde time i går, og fekk streng beskjed om å ikkje øva på noko anna enn det læraren min sa eg skulle øva på. Det skulle eg til gjengjeld øva grundig og nøyaktig på, så då gjer eg så godt eg kan, og øver grundig og nøyaktig på ein A-durskala og nokre fingerøvingar. Det er ikkje så lett som det høyrest ut som, for skalaen og fingerøvingane skal spelast på tusen ulike måtar, både når det gjeld rytme og bogeteknikk. Det er veldig bra for meg, og eg gjer så godt eg kan. Men spanande er det ikkje.

7 Comments:

Anonymous Anonym said...

Det der med nisser og sopp hørtes greit ut selv om det er lenge til jul. Ellers tror jeg nok du er sta nok til øve som du har fått beskjed om sier farfar.

8:14 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg trur som farfar at du er målbevisst og veit kva som skal til for å nå målet; øve, øve og øve, og .... Men hugs Huilin som sa: Om du øver masse blir det lett å spele, men vanskeleg å leve. Så hugs å leve!

9:58 a.m.  
Blogger Brage said...

Haha, gode råd der, Mari! Sopp er tydeligvis i vinden i bloggverdenen for tida...

3:11 p.m.  
Blogger Dadida said...

Hehe, jeg må le litt, både av deg som står der og øver A-dur (selv syns jeg kanskje a-moll gir deiligere åndelig tilfredsstillelse).
Du som står der og øver og kanskje trenger noe å feste blikket på mens du øver.
Du som står der og øver på tidtrøtte varianter av A-dur, innser at det er viktig, men blir hengt opp i nissene i September og deres signifikante rolle i Tyskland...
Du som står der og øver på A-dur og virkelig mener at læreren din gir deg utvikling...
dvs, det siste er jo ikke noe å le av. Klønete formulert fra Dadida. Det lyser det nemlig dyp respekt og beundring av, samt stor misunnelse for!
Men Mari.. ta bilder'a... av utsikten din... trenger ikke å være bra bilder.. mobilkamera, dårlig digitalkamera... Jeg er rasende nyskjerrig!

9:43 p.m.  
Blogger Kjetil said...

Heldiggrisen som får læra noko. Lurar på kva a-dur er.

11:15 p.m.  
Blogger Ingerid said...

Gratulerer, du har herved debutert som midtsidepike!

2:06 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Det er vel eigentleg greit å ikkje ha noko å sjå på når ein øver?
Ei gong eg stod i stova og øvde var det eit cruiseskip som la frå kai, og det hadde eg aldri sett før, så det synes eg var veldig spanande. Eg hugsar ikkje kva eg øvde på den dagen. Men eg hugsar at cuiseskipet hadde ein kinoskjerm på det øvste dekket...

10:50 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home