23 september, 2006

Der lurte eg dykk godt

Dei fleste som les denne bloggen er nok folk som kjenner meg. De er venner, familie og politiske kameratar. De trur de veit kva eg kan finna på å gjera, og kva eg aldri, nokonsinne ville gjort. De tenker vel som så, at Mari veit me kvar me har. Ho har hatt same kjærasten, same politiske overbevisninga, same klesstilen, same fiolinen, dei same venene og den same musikksmaken i mange, mange år, og ho kjøper gjerne eit par sko som er akkurat likt det gamle, utslitte paret.

Men no skal eg overraska dykk, alle saman. Eg har, hold dykk fast i stolane og pust djupt inn, kjøpt eit rosa klesplagg. Jaha, tenker du no, det er vel ein forsiktig rosafarge i eit diskre mønster på eit svart klesplagg. Men nei då, det er ein babyrosa bolero, kjøpt på barneavdelinga på H&M. Den er verkeleg rosa!

Det verste er at eg trur at rosa er ein farge som kler meg, og at den passar fint til ein kjole eg har. Det gjenstår å sjå om nokon er einige med meg. Eg skal på bursdagsfest til læraren min og søstera hans i morgon, derfor denne kleshandlinga, og så då får eg sjå om nokon kommenterer fargen. Men her i Tyskland er det jo ingen som forventar at eg stort sett går i svart, så kanskje eg ikkje får nokon reaksjonar i det heile. Det er litt skummelt å vera invitert i selskap når eg ikkje kjem til å forstå kva nokon seier. Men det kjem to andre nordmenn òg, så eg har i alle fall nokon å snakka med.

Eg har, som de kanskje merkar, fått internett heima, og kan endeleg skriva med æøå igjen. No er eg tilgjengeleg på Skype og msn, så berre ta kontakt!

6 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hei Mari,
Du har hatt masse rosa klede før, som 5- og 6-åring!

7:52 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Ohh! The pink! It hurts me eies!

12:43 a.m.  
Blogger Ingerid said...

Dailig!

Men du har hatt rosa før! Og ikkje som liten. Eg hugsar det! Eg har sett det!

Eg og har rosa ting. Det er kjekt.

1:04 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Mari du bedåre in pink? :)

Men duh -- du har ikke tenkt deg til gamlelandet med det første?

6:05 a.m.  
Blogger Mari said...

Ingerid: Kva har eg hatt som er rosa? Tenker du på den rosa ballettkjolen eg kjøpte på Fretex? Den er veldig rosa, det er sant. Kva er dine rosa ting? No er det din tur til å fortella.

Tiram: Eg skal vera i Oslo frå 11. oktober (seint på kvelden) til 15. (midt på dagen). Det blir fint å komms heim litt.

8:05 a.m.  
Blogger Ingerid said...

Jo, no skal du høyra. Eg har fleire stk. rosa undertøy. Eg har rosa t-skjorte. Eg har rosa langerma topp, rosa jakke-topp og rosa ringperm. Forutan det har eg rosa lebestift og rosa hårbørste. Og så blir eg litt rosa i huda ganske lett.

11:07 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home