25 september, 2006

Rosa på fest

Eg var på fest i går kveld, med kjole og rosa bolero. Eg hadde til og med litt rosa augneskugge, og om eg hadde hatt det skulle eg tatt på meg rosa lipgloss. Men det hadde eg ikkje, og det var kanskje like greit. Den kan bli for mykje av det gode. Eg hadde det overraskande hyggelig på festen, sjølv om eg ikkje kjente andre enn læraren min, som forsvant for å hjelpa mor si med grillinga, og dei to andre nordmennene. Me tilbrakte stort sett heile kvelden rundt kjøkkenbordet, strategisk plassert i høvet den gode maten, og prata i veg på tysk-norsk-engelsk med dei andre gjestene. Eg forsto overraskande mykje tysk, men eg klarer ikkje å snakka noko særleg enno. Det kjem nok om ei stund, om eg berre tør å oppsøka fleire prate-situasjonar. Dei som var på festen var hyggelige, og eit par av dei hadde studert i Danmark, så dei mora seg med å gjenoppfriska dansken.

Det er bra at eg hadde det så hyggelig i går, for dagen i dag har vore heller laber. Eg vakna med mageknip, og sidan eg ikkje kom igang med øvinga før i eitt-tida syntest eg ikkje eg kunne ta meg tid til å handla eller gå på biblioteket, som var planen å gjera i dag. Med ganske tomt matskåp, og utan handling, måtte eg eta det eg hadde. Eg har laga meg graut på noko eg kjøpte i den tru at det var havregryn, men sidan det viste seg å ikkje vera det har eg ikkje turd å smaka på det før i dag. Eg trur framleis at hovudingrediensen er havre, men gryn er det ikkje. Det er meir semulegryn som er pressa saman til flak, og som går i oppløysing når det kjem i kontakt med vatn. Grauten min vart ikkje så ille, men eg trur eg skal kjøpa med meg ei pakka havregryn neste gong eg er i Noreg så eg får skikkelig graut på dagar som denne.