28 september, 2006

Opningstider

Eg er veldig for regulering av opningstidene på butikar, kioskar og bankar på prinsippielt grunnlag. Eg vil ikkje at dei som jobber der skal måtta jobba medan alle andre har fri. Dessutan så er det bra om dei store kjedane med alle sine pengar får litt fleire problem med å utkonkurrera dei mindre verksemdene. Men i praksis så irriterer det meg at ikkje alt er opent når det passer meg. I Oslo, og til ein viss grad Bergen, er det ikkje noko problem. Der kan du få ordna alt, nesten døgnet rundt. Om du har eit brev som må poststemplast med dagens dato, og det er eit stykke ut på kvelden, så kan det ordnast. Postens brevsentral har opent seint. Og om du treng medisinar eller har akutt behov for ein babytannkost fordi ungen din nettopp har fått tenner, eg har stått bak ein sånn mann i apotekkø, så er det berre å gå ned på Jernbanetorget. Daglegvarer, kioskvarer, sikringar, dopapir og andre ting som ein kan få bruk for litt plutseleg er det alltid mogleg å kjøpa. Men ikkje her i Berlin, særleg ikkje i midt nabolag. Her stenger kioskane i seks-sjutida, og matbutikken klokka åtte. Og gjett når banken stenger i morgon? Klokka eitt. Så ein gong før eitt må eg gå i banken og betala mi andre husleiga i Berlin. Det er rart at eg har vore her ein månad snart, tida har gått ganske fort, og no er har det jammen gått ein dag til og det er på tide å tenka på å legga seg.

3 Comments:

Blogger Kjetil said...

Men har dei ikkje avtalegiro eller nettbankar i Tyskland?

9:32 p.m.  
Blogger Mari said...

Jo, men dei er på tysk. Eg har nettbank og kodekort og sånt, eg forstår berre ikkje korleis eg skal gjera det. Kanskje eg kan bruke Babelfish? Det skal eg jammen forsøka neste månad.

11:53 p.m.  
Blogger Magnus said...

Kan du ikkje spørja når du er i banken? Etter mine magre røynsler finst det netan alltid nokon som kan engelsk i ein bank.

11:14 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home