06 oktober, 2006

Å handla mat

Det fine med å flytta frå eit land til eit anna er at ein ikkje berre lærer om det nye landet, men òg om det gamle. Mange ting som eg ikkje la merke til i Noreg ser eg no når eg ser korleis dei gjer det i Tyskland. Berre det å gå i butikken er ganske ulikt. I Noreg er det plass til varene etter at dei er slått inn i kassa, det er til og med avgrensa sånn at to kundar kan ha varene sine på båndet samtidig. I Tyskland sluttar kassabåndet der det sitt nokon og les strekkodane, og så må ein skunda seg å få varene ned i korga eller posen. Helst bør ein gjera det like fort som varene vert slått inn, og ha pakka dei vekk før ein betalar. Det var ganske forvirrande til å begynna med, men no går det greit. Det er alltid ein benk rett etter kassa der ein kan områ seg og passa på at eggene ikkje ligg nederst i posen.

Maten er sjølvsagt ikkje lik heller. I det store og heile har matbutikkane i Tyskland fleire ting som eg saknar i Noreg enn omvendt. Det er berre to ting eg ikkje har funne her, skummamjølk og brunost. Eg kan fint leva utan brunost, og om eg får lyst på litt norsk ost kan eg kjøpa Snøfrisk i butikken nærmast der eg bur. (Den heiter forresten Bolle, noko som gjer at eg smiler kvar gong eg handlar der.) Men skummamjølk saknar eg. Av ei tanta (Hei Signy!) har eg fått vita at det heiter magermich, men eg har enno ikkje handla ein stad der dei har det. Det dei derimot har her er fantastisk yougurt. Min favoritt er vaniljeyougurt med ekte vanilje. Den får ein kjøpt på glass, så det tok litt tid før eg fann den. I mitt hovud er yougurt alltid i beger. Men her er mange matvarer på glass. Pølser for eksempel. Og i dag fann eg noko som eg trur er potetmos på glass. Viss eg hadde hatt lyst kunne eg nok levd lenge på berre glassmat.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hei Mari,
Det er kjekt å sitje her i Madrid og lese om korleis det er å handle mat i Berlin. Det er sikkert stor forskjell på store og små butikkar der óg. Her er det masse spesialbutikkar for ost og skinke og vin og andre gode saker. Eg går helst i sjølvbetjeningsbutikkar og ser og ser, på alt det rare, og på kafé og restaurant, sjølvsagt. I dag fornærma eg ein kelner med å tru at paella var paella. Det er det nemleg ikkje, det finst mange slag. Så lærte eg det. Eg fekk god paella, og lærte noko nytt. Så godt at det er mange land og kulturar.

7:19 p.m.  
Anonymous Anonym said...

I sverige er omtrent alt på tube... Alle land har kanskje sine favorittmatforpakninger.

11:30 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home