23 oktober, 2006

Er det lov?

Er det lov å svara på ein utfordring, når den er gitt til andre? Eg har bestemt meg for at i dag er det lov, og derfor svarer eg på dei ti spørsmåla om politisk identitet som har blitt sendt rundt i bloggane til mine venner i det siste. (Eg overset spørsmåla til nynorsk, eg har då visse standarar på denne bloggen.)

1. Politisk ideologi du forfektar?

Eg er kommunist, feminist og fiolinist. I denne rekkefølgja reint teoretisk, i omvendt rekkefølgje om ein skal ta utgangspunkt i faktisk tid brukt på -ismen.

2. Politisk ideologi du foraktar mest?

Heilt ærleg, så er det venstre-småintellektualistisk-mannssjåvinistisk-sofaradikalisme. Det er ikkje ein veldig viktig ideologi, og det finnest heller ikkje mange som tilhøyrer den, men det er den som irriterer meg definitivt mest.

3. Materialist eller idealist?

Dette har eg helde innleiing om, så dette burde eg kunna. Som marxist er eg materialist i filosofisk forstand, noko som betyr at eg tar utgangspunkt i den faktiske, materielle verda, og ikkje i ein gud, ei ånd eller ein ide. I daglegtalen er ville nok 99 prosent kalla meg idealist, sidan eg er eit vakse menneske som trur på revolusjon og sånt.

4. Plikt- eller konsekvensetikk i politikken?

Dette har eg òg halde innleiing om, og eg er kome fram til at det er konsekvensetikken som er mest foreineleg med materialismen. Sidan ein materialist tar utgangspunkt i den materielle røynda, må ho òg vurdera ein handling utifrå kva konsekvensar handlinga har for materien. Pliktetikken vurderer ein handling mot reglar og normer, og er derfor bestemt av overbygninga, ikkje basis, i eit samfunn.

5. Politisk oppvakning?

Gradvis, men det var då eg, far min og bror min var på teltleir mot gasskraftverk eg verkeleg fekk lyst til å melda meg inn nokon stad. NU hadde siste helga av sommarleiren sin saman med oss andre gasskraftmotstandarar, og det såg ut som om dei hadde det så kjekt at eg bestemte meg for at neste år skulle eg på NU sin sommarleir. Og sånn blei det. I NU vart eg kjent med RUarar og SUarar, og eit år etterpå starta eg og nokre andre RU-lag på Voss.

6. Politisk omveg?

Nja, eg har aldri vore med i nokon organisasjon eg ikkje kunne vore med i i dag. Men eg snusa litt på anarkismen, og kalla meg anarkosyndikalist og anarkokommunist ein liten periode før eg slo meg til ro som kommunist.

7. Enkeltpersonar som påverka deg mest politisk?

Foreldra mine, som dei RVarane dei er, har hatt mykje å sei for korleis eg tenker, og for kvar eg har havna i politikken. Ein annan viktig person er Øyvind Strømmen, som eg møtte i NU. Me diskuterte politikk i mange timar, og han gav meg alltid tekstar han meinte eg burde lesa. Dei siste åra er det Jokke som har diskutert mest med meg, og eg har lært veldig mykje av det.

8. Bok som har påverka deg mest politisk?

Eg veit faktisk ikkje. Eller jo, det trur eg er "Fremad og aldri glemme", norsk historie med marxistiske og materialistiske briller, i teikneserieform. Den har hatt mykje å sei for at eg har interessert meg for materialistisk historie, og for at eg forstår litt meir av kvifor det har oppstått undertrykking.

9. Største bresten i ideologien du forfektar?

Eg er usikker på om det er ei brest i ideologien, eller i venstresida i Noreg si forståing av den, men me har openbart ein del svakheitar når det gjeld feminisme. Epostlista til RV har vel omtrent 10 prosent damedeltaking, og at det ikkje fører til ramaskrik, men vert sett på som heilt normalt, er eit symptom på denne bresten.

10. Viktigaste politiske enkeltsak?

Akkurat no er det asyl- og flyktningpolitikken som er viktigast for meg. Folk eg har møtt, spelt for og prata med, står i fare for å dø om dei vert sende tilbake til Afghanistan. Sånn elles, når det ikkje er akutt dødsfare for folk eg kjenner, er det feminisme som ligg mitt hjarta nærmast.

12 Comments:

Blogger Kjetil said...

Kan du i korte trekk skildra den politiske ideologien fiolinisme for meg, så eg liksom veit kvar du står? :-)

6:14 p.m.  
Blogger Fjeldstad said...

Du glemte å utfordre noen....

6:55 p.m.  
Blogger Mari said...

Fiolinismen er noko så sjeldan som ein totalitær ideologi som berre er totalitær på eit spesifikt område, det auditive. Ein fiolinist meiner at lyden av ein fiolin er betre og mer høgverdig enn alle andre lydar, og freistar å overdøva dei :-)

6:58 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg utfordrar deg, Jokke.

6:58 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Ooh, marxistisk tegneserie! Låne?

7:36 p.m.  
Blogger Kjetil said...

Eg trur far min er ein beinhard antifiolinist... Sjølv trur eg eigentleg både elgitarismen og trommismen står meg nærare enn fiolinismen.

9:58 p.m.  
Anonymous Anonym said...

tiram: Den marxistiske teikneserien heiter Fremad og aldri glemme, og er ein norgeshistorie i teikneserieutgåve. Eg trur den blei gitt ut på Pax-forlag. Dei fleste raddisar i 70-åra hadde minst eitt eksemplar i heimen. Vi hadde faktisk to, men eg anar ikkje var dei er. Veit du Mari? Asle?

8:01 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg har lånt eit eksemplar, men trudde eg hadde levert det tilbake. Eg kan sjekka om den ligg i Oslo neste gong eg er der, og viss den gjer det skal du få låna, Tiram. (Sant ho får lov til det, Oddny?)

8:38 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Klart tiram får låne. Vi spreier så gjerne innsikt og glade bodskapar.

9:37 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hei Mari,

Eg har sikkert framleis nokre tekstar som eg meiner du burde lesa ;). Sjølv om eg moglegvis bør definera meg som venstre-småintellektualistisk-manssjåvinistisk-sofaradikalar (puh!) i desse dagar.

Helsing frå Belgia (stikk innom om du kjem forbi).

2:15 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Og ideologisk er eg vel barksist-donaldist. Med det meiner eg sjølvsagt ikkje å stø regimet i Andeby, som framstår som kontrarevolusjonært forræderi. At folk på syttitalet kalla det eit fyrtårn gjer eg blaffen i.

2:18 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Som en av opphavsfolka bak "Fremad og aldri glemme" er det hyggelig å høre at den har betydd noe! Kanskje på tide at noen maser på PAX om at de skal gi den ut igjen?
Arne

3:54 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home