12 november, 2006

Presang på døra

For over eit år sidan skreiv eg ein artikkel i Rødt! om samanslåingsprosessen mellom AKP og RV. Sidan eg var den fyrste, unge jenta frå Vestlandet som skreiv i Rødt! lova Arild meg ein premie. Etter dette har eg spurt Arild med ujamne mellomrom om når eg skulle få premien min, og han har svart at han jobbar med saken. Men så, for nokre dagar sidan, gav han beskjed om at eg skulle få ei pakke på døra i dag i totida. Eg tenkte han kanskje hadde funne ei god bok til meg, eller noko anna interessant, som skulle leverast at eit bod. Men då det ringe på døra mi sto det ein ung mann der med to flasker BerlinerKindl, eit øl-sort frå Berlin, og die tageszeitung, ei venstrevridd avis. Han helste frå Arild, sa at han hadde fått i oppdrag å gje meg noko som var typisk for Berlin, og spurte om eg ville bli med ut og sjå litt av byen.

Så me tok S-bahn, U-bahn og trikk gjennom heile byen, til ein liten bokkafe der ei venninne, som studerer norsk, jobbar. Bokkafeen var kjempehyggelig, med masse bruktbøker, ei lita scene, trøorgel og piano. Norskstudenten var òg veldig hyggelig, og snakka overraskande godt norsk etter å ha studert det i berre eitt år. Då ho var ferdig på jobb reiste me alle tre til Hackescher Markt og åt god, marokkansk mat. Me prata mest engelsk, og litt tysk og norsk, og eg hadde det veldig fint. Eg og norskstudenten skal møtast igjen, så ho kan trena på å snakka norsk, og eg kan læra litt tysk. Eg håper ho kan læra meg litt grammatikk, for når eg freistar å lesa grammatikk på eigenhand går det ikkje så bra.

Eg er veldig fornøgd med presangen min, det var kjekt å møta nye folk. Men eg har ikkje fått rydda, sånn som eg hadde planlagt. Ingerid sitt fly kjem i tolvtida i morgon, så eg rekk å ta det verste rotet i morgon tidleg. Det blir fint med besøk!

7 Comments:

Anonymous Anonym said...

Glad for at du koste deg :)

4:05 a.m.  
Blogger Brage said...

Haha! Så kult og originalt av Arild. Det må jeg si!

Jeg skal for øvrig lære tysk jeg også. Kveldskurs fra januar en gang, så da kommer jeg på besøk for å praktisere!

11:04 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Hei Mari,
Saa flott presang! Saa heldig du er son¡m har slike vener. Takk Arild for at du gjer saanne ting for den vesle jenta mi som er heilt "aaleine" i den store verda. Og takk til Ingerid som ogsaa har med seg pakke til deg. Etter dette blir vel jula ingenting. Eg forventar forresten rapport fraa den foerste joggeturen i bloggen din.

PS. Spanske (Canariske) datamaskiner har ein del manglar naar det gjeld alfabetet. Ds

8:42 p.m.  
Blogger Mari said...

Det var ein veldig fin presang, Arild. Eg lurer på om eg skal skriva ein artikkel til i Rødt!, får eg ein ny presang då?

Brage, eg blir glad for besøk, og du får praktisert masse, for dei fleste her er ikkje komfortable med å snakka engelsk.

Ingerid og pakka er komt, Oddny, og kledna er flotte. Trur alt passar, og eg likte fargane. Du får funksjonsraport til helga.

9:20 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Du er jo ikke bosatt i Bergen lengre, er du vel? :)

12:21 p.m.  
Blogger Mari said...

Nei... Eg er vel ikkje det, dessverre.

2:18 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Du får flytte tilbake da *humre*

3:29 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home