07 november, 2006

Anbefalingar

Sidan eg har lært meg å laga lenker i teksten, tenkte eg at eg skulle komma med eit par anbefalingar.

Om du, som meg, har lyst til å skriva med eit best mogleg språk, men av og til lurer på kva som er lov og ikkje lov, er denne sida, med søkemoglegheiter i både Bokmåls- og Nynorsordboka, kjekk å ha.

Om du derimot har lyst på god, tidvis politisk korekt, tidvis morosam og innimellom berre vakker, musikk, er dette sida for deg. David Rovics er ein flott fyr, både som songar, musikar og politisk aktivist, og har lagt ut alt han har spelt inn for gratis lytting. Min personlege favoritt er songen om "The Saint Patrick Batallion", ein annan, og veldig morosam song, er "I´m a better anarchist than you".

Om du verken vil skriva eller høyra, men derimot lesa, er det berre ein ting å gjera. Gå på biblioteket og lån ei bok, alle er gode, i serien Discworld av Terry Pratchett, og kos deg!

(Viss det du aller helst vil ha er verdens beste kjæraste, så kan du berre gi opp, for han har eg!)

8 Comments:

Blogger Kjetil said...

Det heiter tilrådingar. :p

12:03 a.m.  
Blogger Kjetil said...

Og eg rekna ikkje med at det kom til å vera meir eg ville kommentera her, så eg kommenterte før eg las resten.

Men eg må jo berre seia det: Ja, Terry Pratchett er god. (Han har òg fått eit norsk motstykke i Hans Fredrik Follestad. Men Follestad når ikkje Pratchett til støvelskafta eingong, sjølv om han er morosam, tidvis hysterisk.)

Men eg trur ikkje eg hadde orka å lesa berre Pratchett. Om du treng å avveksla med "seriøs" fantasy, har eg ein annan skikkeleg god forfattar til deg: Robin Hobb.

12:11 a.m.  
Blogger Mari said...

Det er lov å skriva anbefalingar, Kjetil. Slå opp i ordboka ;)

8:20 a.m.  
Blogger Kjetil said...

Ja, det er sikkert lov. Men "best mogleg språk" gjeld ikkje berre kva som er lov. Og ordet tyder at ein "befalar an" noko. Det gjev ikkje så mykje meining for ein nynorskpedant som meg. :-)

Ei anna tilråding:
Mange stader gjev gode døme på gode nynorske tydingar av bokmålsord, også dei som er lovlege på nynorsk. Sjekk Wikipedia si lista over gode nynorskord. Nedst på sida står det ei lista over andre lister av same slag.

11:19 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg vurderte å bruka tilrådingar i staden for anbefalingar då eg skreiv posten. På den eine sida er tilrådingar "meir nynorsk", på den andre sida så er anbefalingar nærmare mitt talemål, og det komuniserer meininga mi betre til lesarane mine. (Med mogleg unntak av deg, Kjetil.) Derfor skreiv eg anbefalingar, sjølv om det er eit ord som er ein rest av den danske imperialismen.

Språkpolitikk er interessant. Eg likar nynorsk, særleg dei litt sære og uvanlege orda, og eg meiner nynorsken er viktig for norsk kultur, samtidig som eg skriv for at folk skal lesa det, og då kan konservativ nynorsk vera eit hinder.

8:33 a.m.  
Blogger Kjetil said...

Sære ord? Tenkjer du på heileskaking, åtgaum, kverrsetja og Ringdrotten? Det er då vel ikkje sære ord? :-)

Eg trur dei fleste skjønar konservativ nynorsk om dei legg litt godvilje til. Om ein ikkje legg godviljen til, skjønar ein ikkje eit pip av bokmål heller. For kva tyder eigentleg det å henstille? Eller anmode? Eller anbefalelsesverdig, anførsel og anvendelse? (Og kvifor er desse orda betre enn be, tilrådeleg/ god, merknad og bruk?) Utan godvilje ville me kunna ha sagt det same som bokmålsfolk (og nokre nynorskfolk) seier når dei les konservativt nynorsk: Me skjønar ikkje bæret av det.

(Når eg snakkar om konservativt nynorsk, tenkjer eg ikkje på høgnorsk, som inneheld mange former som ikkje lenger er lovlege i norsk.)

Dei fleste anbeheitelse-ledd er faktisk ikkje naudsynte. Dette gjeld ikkje anbefaling, men det gjeld bety (tyde), sannsynlighet (sannsyn), befolkning (folk), antall (tal), benevnelse (nemning, namn) og mange andre ord.

Og me brukar desse danske orda. Me brukar dei når me skriv bokmål (sjølv der dei ikkje trengst), mange brukar mange av dei i nynorsk og me (dei fleste nordmenn) brukar dei når me snakkar. Og det er ei kjensgjerning at bokmål i mange (dei fleste?) høve er eit bokmål som er mykje meir konservativt enn sjølv dei mest ekstreme tilfella av høgnorsk. Men så lenge denne riksmålen er så utbreidd som han er (eine og åleine på grunn av andre verdskrigen), tenkjer ein ikkje over at han er konservativ.

Men generelt sett så trur eg at den jamne nynorskbrukarar er mykje meir medviten om språkbruken sin enn den jamne bokmålsbrukar. Og det gjer sitt til at det nynorske språket stadig aukar forspranget på bokmål når det gjeld språkleg mangfald og kvalitet. Så får me heller leva med at det er dei andre som har makta.

11:58 a.m.  
Anonymous Anonym said...

No når eg skal ta til i ny jobb, må eg bli vand med å skriva nynorsk igjen. Eg har eit argument som kanskje Kjetil vil ta til seg, og det er at tilråding kan ein dela opp og gjera om til verb, å rå til, men det høyrest litt rart ut å befale an. Det går ikkje ein gong på bokmål :-)

Tor (som har glemt brukernavnet sitt)

1:04 a.m.  
Blogger Kjetil said...

Eg har alt brukt det poenget, Tor, sjå den tredje kommentaren min.

6:31 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home