30 oktober, 2006

Juggel

Eg likar å tenka på meg sjølv som eit menneske som set pris på kvalitet og ektheit. Men av og til set eg stor pris på det motsette. I dag var eg på Ikea for å kjøpa ein bolle sidan eg knuste den eg hadde, og der har dei byrja å selga jolapynt. Jolapynten på Ikea er av plast, den er i sølv, gull, og eit utvalg av glorete fargar, og eg elskar den. Eg måtte utøva mykje sjølvdisiplin for å ikkje kjøpa meir enn ein girlander med plastperler, 12 små, gullfarga plaskuler og ni meter med grønt og glitrande bånd. Det er nok ignorant av meg, men eg synest girlanderet mitt med plastperlene er vel så fine som dei små, stusslege perlekjeda dei har hjå gullsmedane. Mine perler går mange, mange gonger rundt halsen min, og gir mykje meir valuta for pengane. (Men om nokon fekk lyst til å kjøpa eit ekte perlekjede til meg ein dag ville eg skifta meining på flekken.)

Elles likar eg meg framleis godt i Berlin. Eg har ikkje lært så mykje tysk, men er blitt flink til å gjetta kva folk seier til meg. Dessutan så er eg blitt litt flinkare til å spela fiolin, på timen i dag var læraren min nesten urovekkande nøgd. Når han stopper meg halvvegs i leksa mi og seier flott, ikkje noko problem, eg treng ikkje å høyra meir for å forstå at dette kan du, vert eg alltid litt bekymra. Har han gitt meg opp? Har han blitt mindre kravstor? Men eg vert mest glad, det er godt når all øvinga gir resultat.

5 Comments:

Blogger Ingerid said...

juggel er veldig deilig. Heilt einig.


Eg har ein påse med ting te deg! Wooo!

11:33 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hei Mari og Ingerid,
Ei varm helsing frå Las Palmas. Eg er veldig glad for at du Ingerid tek med deg joggekle til Mari, og du Mari kjem til å bli kjempefin når du joggar med juggel.

8:21 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg trur ikkje eg skal jogga med juggel. Men kven veit, eg har jogga med hanekam og helsetrøya, kanskje juggel funkar lika bra? Håper du har det fint i Las Palmas, Oddny. Ingerid, eg gleder meg til du og påsen kjem.

2:35 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hei Jenta mi. Det er kjrmpe søtt at du har begynt å digge juggel. Håper du har de tbra og at Jokke ikke hevner seg for mye etter "en djevel i Prada". Du vet hvem...

7:05 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Du gjettar deg til kva folk seier til deg på tysk? _Det heiter passivt ordtilfang og er steg to for å læra eit nytt språk: "-Wie bitte?" spør du viss du er usikker på om du har fått alt med deg. Dei er sikkert så høflege at du får ein gratis reprise og får tid til å tenkja deg om. Kva var det eigentleg vedk. sa? Synne har skrive til deg. Eg sende det i går.
Modalsmoste

6:46 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home