11 november, 2006

Karneval

Eg har fått ein ny og hyggelig vane. I staden for å kjøpa brød, som vert gamalt og tørt før eg rekk å eta det opp, kjøper eg eit rundstykke eller to kvar dag på kiosken på hjørnet. Kiosken er ein fin kombinasjon av bakeri, konditori og kiosk, og bakevarene er alltid ferske. Dessutan så er dei som jobbar der, ein ung mann og ei ung dame, alltid hyggelige. Dama kan litt engelsk, og likar å få brukt den, men mannen kan lite. I dag, då eg skulle handla, var det han som sto i kassa, og eg kunne ikkje la vera å spørra om det var festdag i dag, for han hadde sånne rullar med papir som ein bles på så det vert lange papirspiralar rundt halsen. Han forsto spørsmålet mitt på engelsk, men måtte få hjelp av dama på bakrommet for å forklara at er karneval i dag. Eg trudde karnevalstida var før fasten, men dei var openbart i festhumør, så kanskje eg tar feil. Er det nokon av lesarane mine som kjenner til tyske karnevals-tradisjonar?

3 Comments:

Blogger Fjeldstad said...

Karneval betyr jo farvel kjøtt eller noe. Så det ordet henger sammen med den siste festen før faste. Men det kan jo hende det er slags tysk halloween eller noe nå?

4:05 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Karneval eller Fastnacht i november?
Litt søking på nettet er gøy..
Tradisjonen oppstod blandt handverkarlauga på 1500 talet.
Datoen 11.11 og kl.11.11.fann eg ein plass som starttidspunkt for opptog? Lettvint,-alle hugsar tidspunktet.
Når startar barnetoget på 17.mai? Eg hugsar aldri frå år til år.
Stort sett var det vel dei same grunnane då som no for å marknadsføra varer og laga haloi og få auka omsetning.

Hyggeleg vane med "Brotchen". Ja, bakaren på hjørna skaper mykje betre livskvalitet for folk enn fellesbakeri. Berre lukta av nysteikt brød...nam. Og ein kort morgontur er berre friskt. Far(gofar)likte best daggamalt brød.
Det var han nok åleine om, trur eg.

Siri er no komen att frå ein opplevelsesrik tur til Zambia. Kontrastane mellom verdens rikaste land og eit av verdas fattigaste var nok stor. Men ho hadde ikkje lyst å reisa heim att forsto eg. Kjem eit innlegg i "Hordaland" på tysdag.

12:28 p.m.  
Blogger Mari said...

Det kan stemma Berit, det var tilogmed i elleve-tida eg kom innom, så eg forstyrra dei nok midt i feriringa. Tusen takk, det var artig å få greia på.

Hels Siri, eg skal sjå etter artikkelen i Hordaland på nett, kanskje dei legg den ut.

12:42 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home