28 november, 2006

Klisje

I dag jogga eg forbi tre vegarbeidarar. Og jammen vart eg ikkje plystra på! Fyrst eit litt mislukka, fislete pip, og så eit litt betre forsøk. Eg er sjølvsagt mot at kvinner skal gjerast til sexobjekt for menn berre fordi dei joggar forbi i tights. Men eg blei meir lattermild enn sint. Tenkt å få oppleva ein klisjé midt på ein tysdag føremiddag!

PS: Jolakalenderkrimmen vert ein påskekrim, eg har berre skreve tre kapittel, og desember nærmar seg med stormskritt.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Å nei! Ingen julekalender! Tror jeg kaster meg med Brage ned til deutchland über alles i januar en gang :)

4:48 p.m.  
Blogger Mari said...

Ikkje fortvil, Anna. Prinsesse Lea har eit jolakalendereventyr på gang. Det er hyggelig med besøk, berre kom.

2:50 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home