Media og idrett
Debattar har ein merkeleg evne til å gå i dei same spora igjen og igjen, sjølv om det er ulike folk som debatterer. Om du hevdar at kvinneidrettar får mindre mediadekning enn manneidrettar, og at det er urettferdig, vil du i ni av ti tilfeller få svaret: Kvinneidrett er meir kjeisamt, og det er ingen som er interessert i den. Når kvinnene vert flinkare vil det bli meir interessant å følgja med på det dei driv med, og mediadekninga vil auka.
Her er litt fakta å slå i bordet med neste gong du får dette svaret: I fylgje ein ny forskningsrapport frå Nordisk Institutt for Kvinne- og kjønnsforskning vert kvinneidrett oversett i like stor grad i dag som på 70-tallet, på tross av ein stor utvikling innafor idretten. Kvinneidrett får omlag 11 prosent av den totale sportsdekninga, like lite som for 30 år sidan, og kvinnelege idrettsutøvarar får i liten grad dei profilerte og synlege posisjonane, som fyrstesideoppslag i sportsmagasina. Som om ikkje det var nok så vert kvinner oftare omtalt som jenter enn menn vert omtalt som gutar, på tross av at det ikkje er noko aldersforskjell mellom utøvararne.
Neste gong eg kjem opp i ein sånn debatt har eg planar om å bli engasjert (ikkje sint, men engasjert, sånn som mannlege politikarar kan bli, i motsetning til kvinnelege), slå fast og bestemt i bordet (igjen, fordi eg er engasjert, ikkje for å tydeleggjera kven som er sterkast), og med høg røst (nei, ikkje for å drukna dei andre stemmene, men fordi eg er så engasjert) referera den nyaste forskinga, og dermed, ein gong for alle, legga denne debatten død.
(Les meir i BT: Én kvinne av 13 fast annsatte, Sexbombe og toppidrettsutøvar og Kvinneidrett forsvinner i mediene)

3 Comments:
Det største problemmet er vel at media bare brye seg om Herrefotball, og at man må vinne ting hvis media skal legge merke til sporten ellers.
Men sjølv når kvinner vinn så får dei ikkje merksemd. Kvinner vinn jo meir no enn på 70-tallet, skulle eg tru, utan at det har endra noko.
Problemet er at forholda vert betre tilrettelegt for menn langt nedover i breiddeidretten og dermed vert mesteparten av pengane også vert brukt av menn. FBK Voss presterer å kjøpa inn herre t-skjorter til damelaget, som skulle representera i på Zambiaturen. Det einaste positive var nok at dei ikkje representerte som sexobjekt :-)
Har studert heimesidene til ein delidrettsklubbane som også har kvinnelag. Dei er usynlege der og.
Legg inn en kommentar
<< Home